Viser innlegg med etiketten frustrasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten frustrasjon. Vis alle innlegg

fredag 7. mai 2010

Fail

Eg leita og leita. Eg løfta på alt eg fann, rota gjennom skuffer og skap, endevendte leilegheita. Eg stoppa opp og tenkte "Kvar brukte eg den sist?" Tenkte og tenkte i mens eg nesten raserte bupælen min i jakta. Brukte lang, lang tid. Men så! Endeleg! Der låg den, blyantkvessaren! Under kanten på golvteppet, for ein dum plass å miste ein blyantkvessar. så lukkeleg eg var! Pulsen senka seg og blodproppen var utsett til neste gong.

Så kom eg på at det var nøklane mine eg leitte etter.
/fail

...

mandag 3. mai 2010

Kampen om språket

Eg rota gjennom bloggen min frå vidaregåande, som ja - finst framleis der ute i det store internettuniverset ein stad, og oppdaga at vgs-åra mine var ei tid der eg verkeleg hadde mykje å melde. Dette her brenn eg så sterkt for at eg rett og slett tek å legg ut innlegget mitt frå fjortande januar 2008 her inne også. Håper dette kan vere til inspirasjon for nokon, og/eller at eg kanskje til og med ertar på meg eit ekte amøbehaud av ein nynorskmotstandar. Eller to. Bring it on, seier eg berre.

" Skule-Noreg har eit problem. Eg snakkar ikkje som at elevane, lærarane og skulesystemet er for dårleg, sjølv om at dette spelar inn som ein faktor i problemet, og løysinga, eg no skal presentere.

Eg snakkar om det superkontroversielle problemet som alle elevar i den norske skulen føler på kroppen, nokre kvar dag, og nokre to gonger i året. Sidemål-striden. Skal det vere valfritt eller obligatorisk sidemål i skulen?

For å gjere ei lang, revolusjonerande historie kort, har forskjellige dialekter i Noreg eksistert like lenge som her har funnest folk, mens skriftspråket bokmål er basert på språket til dei som «eigde» Noreg i ei begrensa tidsperiode, nemleg danskane. Ivar Aasen tok på seg oppgåva med å samle ord og uttrykk frå det langstrakte land og forma det ekte, norske skriftspråket, som vi i dag kallar nynorsk.

Det føregår ein kamp. Nynorskbrukarane kjempar for å behalde identiteten sin, for å få lov å skrive det skriftspråket som ligg dialekta deira nærast, og for at fleirtalet, bokmålbrukarane, skal anerkjenne dette og hjelpe å halde språket, kulturen, identiteten og mangfaldet i live. Bokmålbrukarane kjemper ein kamp for at dei skal få sleppe å lære nynorsk, og dermed begrense jobbmoglegheiter, kunnskap og evner til å utvikle språkkunnskap ellers. Kvifor gjer dei dette?

Nynorskmotstandarane argumenterer jamt over ganske likt. «Nynorsk er vanskeleg å lære. Det er unødvendig. Vi får ikkje bruk for det.» Men er dette sant? Treng det verkeleg å vere slik? Skal vi kunne grine ut at matte er for vanskeleg, og så sleppe det?

Nynorskbrukarar har riktig nok ein fordel. Bokmål fins overalt. Skal vi på kino, lese blad, sjå på TV, lese på ei leverposteiboks eller i ei bruksrettleiing, er det 100.01% sjanse for at det står på bokmål. Skal nynorskbrukarar sette seg ned og skrive ein bokmålstil, er det berre å legge om hjerna og tenke slik dei snakkar på TV og i radio heile tida. Står ein fast i eit grammatikkspørsmål er det berre å sjå for seg ei leverposteiboks eller ei bruksrettleiing.

Valfritt sidemål. Ordet valfritt har i mange samanhengar ei positiv ladning, men i denne samanhengen får ordet meg til å grøsse. Dersom forslaget om å gjere sidemålsundervisninga i skulen valfri kjem gjennom, vil det få ei rekke negative konsekvensar. Kort sagt vil det verte valfritt sidemål for bokmålbrukarane, og obligatorisk og uunngåeleg sidemål for nynorskbrukarane. Bokmålbrukarane veljer det vekk, og nynorsk endar opp som eit delemne under kapittelet språkhistorie i norskboka. Bokmål vil fortsette å dominere alle flater det går an å skrive tekst på, og språkbiletet i Noreg vil verte svekka. Er dette verkeleg ein konsekvens dei lite samarbeidsvillige nynorskmotstandarane er villige til å gå med på?

I staden for å fjerne sidemålsundervisninga og drepe det siste håpet nynorskforkjemparane har att, finst det ei løysing for at begge partar skal vinne. Det må verte enklare å lære. Det må verte meir aktuelt. Undervisninga må betrast. Lærarar må kursast. Undervisninga må verte meir omfattande, ikkje mindre. Ikkje berre må det puggast grammatikk, nynorsk må slutte å bli behandla som eit utdatert fenomen, eit nødvendig onde og eit framandspråk. Og for all del, MEIR NYNORSK I MEDIA.

Nynorsk er eit høgst levande og viktig skriftspråk, og må bli behandla deretter. Kva om ein og annan statoilstasjon i Oslo byrja å setje opp reklameplakatane sine på nynorsk? Eller om dei vanskelegaste verbbøyingane plutseleg kan vere å lese på sida av bussar og trikkar? Nynorsken hadde fått meir spelerom, det hadde blitt enklare å lære, og problemet er løyst. "

tirsdag 20. april 2010

Moder jord spyr og eg har ei melding til komande generasjonar

Fram til torsdag femtande april var største bekymringa i kvardagen min at eg ikkje måtte forsove meg til flyet til Oslo som skulle gå klokka 11 fredag morgon. For etter å ha venta i nokre timar på Gardermoen, skulle eit Norwegian-fly ta meg vidare til Amsterdam, og etter å ha sykla rundt i tulipanbyen i nokre dagar, skulle eg til Brüssel for ei veke med litt fagleg påfyll saman med ein GOD jentejeng før vi avslutta eventyret i vakre Paris i fire dagar.

Dessverre valgte jordas indre å spy akkurat då.

Så her sit eg med ein halvpakka koffert, ”askefast” som dei kallar det i media. Eg har ikkje hjarte til å pakke den ut enno, men ser ikkje vitsen i å pakke den ferdig heller, så den kjem til å ligge der litt sånn halvferdig og håne meg i ei lita stund til.

Er det karma?

Ein skulle tru at moder jord straffar meg for at eg forpesta miljøet med mine utallige flyturar i fjor. ”Håneidu, du skal ikkje forpeste meg meir, no tek eg saka i eigne hender” er det ho fortel meg. Heilt sikkert.

I familieselskap heromdagen (desse familieselskapa vi alltid har veitdu, det står om det i tidlegare innlegg) så kom vi fram til at ein blogg aldri døyr. Eg kjem ikkje til å stå opp frå dei døde om åtti år og slette bloggen min, og eg gir ikkje vekk passordet mitt slik at eventuelle andre skal slette den for meg. Den får vere den eine tingen som gjer meg udødeleg om ingenting anna gjer det. Men eg skal nok prøve å kome på noko anna lurt som gjer meg udødeleg også, vent og sjå.

Så uansett, dette er ei helsing til tipptipptippoldeborna mine som måtte velje å drive slektsgransking i framtida: Eg håper de slepp å bruke like mange stygge ord i same setning som ordet vulkan som eg har gjort siste dagane. Eg tenkjer det at vi har klart å øydeleggje miljøet for dykk lenge før moder jord klarer å finish the job. Håpar ikkje det da, men det spøkar for det slik det ser ut no.

Prøv gjerne å få kontakt med meg dersom de nokongong klarer å finne opp ein teleportør! OK? Det vil eg gjerne vite om, uansett kor eg befinn meg – reinkarnert, i himmelen, helvete, fastkjørt i grøfta før skjærsilden eller som ei rosa sky over vallahornet. Leit fram eit ouijibrett og ta kontakt.

(Og så håper eg at de forstår det eg skriv, at eg og etterkomarane mine har meistra å vidareføre nynorsken til dykk. )
I framtida så treng de vel ikkje å sminke dykk, dei har vel funne opp ei programvare som gjer at de kan photoshoppe tryna dykkar før de skal utfor døra, men her kan de i alle fall sjå eit lite utvalg av den sminka eg hadde leita fram for å pakke ned til turen det ikkje blei noko av. Så har vi eit illustrasjonsbilete til dette innlegget, om enn dumt. *smiley*

tirsdag 13. april 2010

Så dumt

Det eg vil dele med verda i dag er at eg har rydda i klesskapet mitt, og omarrangert klesstativet. Det kvalifiserer kanskje ikkje til noko pris for årets nyhende, men denne bloggen handlar jo ikkje om ting som verda eigentleg vil høyre om. Men dette er jo heller ikkje noko nytt. Kor mange millionar bloggar finst det vel der ute som handlar om ting folk eigentleg ikkje vil høyre om? Og kor mange av dei finst ikkje pokker meg på topplista over mest leste bloggar? Verda er gal og dum. Folk er galne og dumme.

Folk vil høyre om slike ting, verda vil lese ting som ikkje er verdt å lese. Vi vil sjå kva femtenårige jenter skal ha på seg neste dag. Vi vil sjå dumme, ubetydelege silikontroll og ekle pappagutar ha sex på eit hotellrom i Mexico. Vi drit i at USA og Russland nedrustar atomlagra sine, vi vil sjå puppar og svenske hollywoodfruer. Dukkar ordet pupp eller bilder av det eller liknande opp på VG Nett – då må det klikkast på. Puppar altså. Eller andre kroppsdelar som appelerer til primaten i oss som blir trigga av ord som pupp, sex og.. vel, kanskje ikkje tisselur. Det er eigentleg eit dårleg triggerord. Eg hadde nok trykt på det om det stod ordet ”tisselur” i ei VG-overskrift da. Men det er vel eigentleg av andre grunnar. Kor morsomt hadde det ikkje vore om ”tisselur” dukka opp i ei VG-overskrift? Men sånn ellers, for å ha det på det reine, så har ikkje eg personleg noko behov for å få ein tisselur i trynet når eg scrollar gjennom VG Nett. Kremt.

Håper eg nådde ut til folk med dette prakteksemplaret på ei dum oppdatering av noko så ubetydeleg som eit klesskap. Eg er overbevist over at nokon der ute fann det svært interessant. Takk for meg.

onsdag 20. januar 2010

Skal eg lære svensk også, no då?

Eg har hatt munnleg eksamen i Austral-Asia-kulturstudium, og som belønning til meg sjølv fordelte eg min velfortjente, nøye planlagde Prison Break-maraton over to dagar. Å få karakteren A er definintivt inspirerande til å vere kjempeflink på skule og byrje tidleg å jobbe med både informasjonsfaget, medievitskap og EU-studiumet, men før eg skulle sette i gong tillot eg meg å slå rot i sofaen og sikle litt på fantastiske utbrytarkongen Michael Scofield i aksjon i Panama. Det gjorde godt. Godt godt godt. No må eg berre få tak i sesong 4 så er Prison Break-samlinga mi komplett og eg kan leite fram Michael når som helst dersom eg skulle kome til å føle for å belønne meg sjølv for noko igjen.

I skrivande stund sit eg på høgskulebiblioteket og har lagt bak meg nokre-og-førti sider i den svenske hovudpensumboka i infofaget, ”Tillämpad kommunikationsvetenskap” (Larsson, Larsåke, 2005). Jada, det er ei god bok. Den er nok svært nyttig for informatørar og andre interesserte i fagfeltet. Men kvifor har ingen tenkt den fagrelaterte tanken om å faktisk oversette boka til norsk?

I dei fleste kommunikasjonsmodellar tek ein høgde for informasjon som forsvinn i oversetjing og støy. I dette tilfellet er det ei overhengande fare for at viktig informasjon og naudsynte fagutrykk ligg gjømt inn i uforståelege svenske ord som faktisk ikkje er å finne i ordbøkene ein gong. Det meste let seg jo oversette i ordbøkene, men dette er ein tidskonsumerande måte å studere på.

Eg vil lære informasjon og kommunikasjon, og har ikkje akkurat beregna tid til å lære svensk i same slengen! Eg tek faktisk tre fag i år – også. Har meldt meg opp til eksamen i medievitskap som eg egentleg ikkje skal ha før neste semester, for å få det unnagjort liksom, og eg har vore så ambisiøs at eg har meldt meg opp til eit EU-studium i tillegg. Eg lurer på kva som må vike for dette tidskonsumerande svenskeproblemet til slutt, for eg luktar at ikkje alt kjem til å la seg gjere til tross for ambisjonane mine om å klare det.

fredag 8. januar 2010

Eg. Er. Ufornuftig.

I god, gammal tradisjon gjer eg alt anna enn det eg burde gjere. Det eg burde gjere er å lese til eksamenen eg skal ha om nokre få dagar. Det eg gjer istadenfor er å mate barnet av medie-revolusjonen i meg. Eg sit på Twitter, Facebook, Youtube og Deviantart. Vil du sjå bileta mine på Deviantart, sa du? Følg denne linken då, vel. Der legg eg ut nokre av dei bileta eg har tatt som kan til nøds kvalifiserast som litt fine og kunstneriske. Som dette:

mandag 4. januar 2010

Solbrent i snøstormen

Bobla er sprukken. Tilværelsen med mange varmegrader, myggstikk, bading, eventyr og drinkar på stranda er over, brunfargen er bleikna og eg er atter ein gong på plass i mørke, kalde Ørsta. Kvardagen kjem krypande mot meg i same stil som hufsa kom smygande på mummitrollet i ei av dei skumlaste mummi-episodene eg har sett i heile mitt liv, og austral-asia-eventyret er berre eit minne – eit fantastisk, varmt minne som eg desperat prøvar å halde ferskt i vinterkulda.

Eg kjenner meg i ein veldig sær, apatisk tilstand, ettersom jula har rast forbi samstundes som eg har prøvd å bearbeide alle inntrykka eg sitt att med etter fire månader fullstappa med opplevingar. Eg har aldri i mitt liv blitt så godt motteken heime som då Timmy kom springande mot meg i lykkerus – og smitta meg med lykkerusen i det vi sa hei og rulla på golvet ilag i rein og skjær gjensynsglede. Ingen har nokon gong vore så glad for å sjå meg før, og eg trur eg aldri har vore meir forelska enn eg er i denne herlege hårballen av ein rampete tibetansk spaniel.

Årets årsskifte, Slutten på 2009 og byrjinga av 2010 har meir enn nokon gong definert eit nytt kapittel i livet mitt, ettersom eg føler eg ser på alt rundt meg med nye auge – sjølv om ingenting rundt meg har forandra seg noko nevneverdig av den grunn. Eg veit det høres ut som eg har vore i eksil i Tibet i hundre og femti år, men dette har faktisk vore den lengste samanhengande perioda i livet mitt eg har vore vekke heimafrå. Heile fire månader. Og steik kor godt det har gjort meg. Ikkje berre har det gjort huda mi godt å vere i sol og saltvatn store delar av dagane (håret mitt har det ikkje like godt), men eg føler på ein måte at eg har fått hovudet skrudd litt på plass. Eg har vore der og gjort det, og eg vil gjere det igjen. Eg vil møte folk, sjå ting, lære, oppdage og oppleve endå meir. Eg veit ikkje kva veg eg skal gå eller kvar eg vil ende opp til slutt, men det gjer ingenting. Eg veit at eg vil og kan og at eg skal – og det er nok for meg.

No står eit nytt kapittel for tur, og sjølv om det står mykje mas og kjas, skulearbeid, jobb, stress og andre kvardagslege kjedsomheiter for tur, så veit eg at det blir mykje kjekt også, og at alt eg gjer og alt som skjer fører meg vidare mot nye eventyr og skapar gode minner og nyttige erfaringar til framtida. Det er ein kunst å gjere det kjedsomme om til kjekt også, og den kunsten skal eg gjere alt i mi makt for å beherske. Har du nokon gong berre vakna opp ein morgon og fått eit lite adrenalinkick over at tilværelsen rett og slett er god? Det gjorde eg ein av dei første dagane i Australia, og den kjenslen har eg teke vare på og den skal eg prøve å hugse kvar morgon når eg vaknar.

Distré, rastlaus, naiv og ambisiøs – og gjer det beste ut av det.

onsdag 18. november 2009

Last day in Brissie med ein jævel på besøk

Å råtne på eit kjølig og kjedeleg bibliotek er kanskje ikkje det ultimate tidsfordrivet siste dagen i vakre, varme Brisbane, men det er det som er dei kalde, harde fakta for oss flittige studentar som prøvar desperat å bli ferdige med dei til no forhatte 8000 orda våre før eventyret fortsett i Asia. Det er andre gongen eg besøker Brisbane i mitt liv, og eg kan forsåvidt garantere at det ikkje blir den siste.

Eg kjem til å sakne Chai Tea Latte på Gloria Jean og Starbucks, City Beach'en, (og butikken City Beach) været, folka, Ibis-fuglane og kvardagen her generelt, så mykje at det kjem ikkje til å ta lang tid før eg leitar etter ei moglegheit til å få kome tilbake. Eg vil også tilbake til Sydney, Cairns, Byron Bay og Moreton Island, og så vil eg gjerne få sjansen til å besøke Fraser island og Dreamworld neste gong. Det er litt for gale å vere i Brisbane så lenge utan å dra på Fraser Island, men hugs at eg har vore student! Vi har hatt fullt opplegg og mykje å gjere stort sett heile tida. Vi har fått oppleve så utruleg mykje spennande, lærerikt og morosamt, og eg kan trygt seie at dette har vore det mest innhaldsrike skulesemesteret i mitt liv til no.

No står eit tidagers villaliv på Bali for tur, før nasa blir vendt mot ein opplevelsestur i Kambodsja og Vietnam. Etter ei veke med latmannsliv på den vietnamesiske øya Phu Quoc går turen heimatt, og femtande desember står eg atter ein gong på våt, kald, norsk jord. Det vil eg helst ikkje tenke på heilt enno.

Det første som skal skje, er at eg skal på premiere på New Moon på Australia sin største kinoskjerm i kveld. I natt har eg ikkje nokon plass å bu, for eg skal nemleg på nattkino, få oppleve heit vampyr-action på eit 25 meters lerret framfor meg, og reise rett derifrå til flyplassen. Dei siste to nettene har blitt tilbrakt
på backpacker-plassen Somewheretostay, ein fin plass i og for seg, men ikkje akkurat ideell for fire store koffertar og fire jenter som er vande med å bu i fine leilegheiter på Kangaroo Point. I natt fekk vi nemleg besøk av ein svær jævel som skapte litt av eit oppstyr på åttemannsrommet vårt.

Den nevnte jævelen var til informasjon ein av dei største edderkoppane eg har sett i heile mitt liv, og den var IKKJE i bur, den var INNE på soverommet vårt KUN for å lage oppstyr. UGH. Det krevde tre store, sterke, tyske/franske backpackarar
for å trampe ihel jævelen, noko som tok tid sidan jævelen tok alle åtte beina (eg personleg trur han hadde fleire enn åtte bein) fatt og gjorde fleire nesten-suksessfulle fluktforsøk. Eg trur og håper at ikkje familien til jævelen har hevnplanar. Etter synet av han å dømme, må han vere gjengmedlem, noko som kan skape problem for somewheretostay dersom det blir reprisaliar for edderkoppjævelmordet som tok plass i natt.

torsdag 22. oktober 2009

DET VERSTE EG HAR HØYRT

Det er ein trist dag i brus-Noreg. Brænne Brus har produsert sine siste vidunderbruser! Korleis skal sunnmørsdistriktet overleve dette? KVIFOR HAR DETTE SKJEDD? Og kvifor må eg site på andre sida av jordkloda og sure meg? Dette var verkeleg unødvendig, altså. Kvil i fred, Volda mineralvatn. Håpar å ein gong få kjenne smaken av Luks igjen. Satsar på at dei der heime har vet til å hamstre litt luks og pærebrus til julemiddagen! Er det oppfatta, kjære foreldre? :)

Og forresten, heia, Judit! :)

torsdag 28. mai 2009

Alt er bra, eller?

Dei siste tre dagane har eg produsert om lag 5205 ord om intern kommunikasjon, og av den grunn er det forventa av meg å synke ned i sofaen og prise meg lukkeleg over at det per definisjon er sommarferie. Kvifor gjer eg då ikkje det?

Eg har ordna meg med belønning og alt mogleg. Eg har bestilt alle bøkene i Twilight-serien, og eg har spart om lag halve boka av Luftslottet som sprengtes som skal nytast no når pensumbøkene skal få samle støv over sommaren. Eg har bestilt meg frisørtime, og har gått til innkjøp av to fine sommarkjolar som eg skal danse rundt i no når sola er spådd å skulle dukke opp. Eg har kjøpt ostepop. Eg skal tilbringe ei veke på Landsmønstringa i Trondheim snart, og UKM-administrasjonen har sjølvsagt bestilt fint vær og godt humør i den anledning. Vi har fått eit nytt medlem i familia, ein Tibetansk spaniel ved namn Timmy. Verdens nydelegaste lille sjarmtroll btw.

Eg veit kvifor eg enno ikkje veltar meg i lykkerus-overdose trass alle desse positive innslaga i livet. Twilight-bøkene mine har ikkje komt enno. Eg har ikkje levert eksamenen, det skal eg gjere først i morgon. Eg veit ikkje kva slags frisyre eg vil ha. Eg treng nokre turar på treningsstudio og solarium før sommarkjoledansen kan dansast med god samvittigheit. Ukm er så leeeenge til. Timmy kjem på laurdag, og då skal eg jobbe. Og eg har rett og slett ikkje lyst på ostepop.

Anyhoo..

Her ein dag såg eg eit program på TV om ei dame, eller ein mann som gjekk på damehormonar for å bli dame, og så grein han/ho, og sa: av og til syg det å vere dame. Ja, hormonar er ei bitch. Tårekanalane til damer er linka opp til alt for mange kroppsfunksjonar spør du meg. Det er ikkje kjekt å ein dag vakne opp, tru at livet er allright og plutseleg stå der med ein kniv djupt begravd i ryggen, bruke fleire månader på å lege såret, og med jamne mellomrom oppleve at kniven blir vridd om slik at såret liksom aldri heilt sluttar å blø. Og i tillegg gremmast over at ein over såå lang tid fortsatt tillet seg sjølv å kjenne etter at kniven fortsatt er der, og ikkje heilt ha nervane til å ta den ut. Det å drage ut ein kniv i ryggen er vanskeleg å gjere utan hjelp.

Akk.

Som Dorothy Parker sa:

"And if my heart be scarred and burned,
The safer, I, for all I learned."


Nokon som kjenner seg truffen? Bra. Ein rotar ikkje rundt i ryggen min med kniv utan å ha litt dårleg samvit for det. Fu.

No opnar eg ostepop-pakken.

onsdag 18. mars 2009

how NOT to be HOT

Eg skjønnar ikkje trutmunn. Eg skjønnar korleis ein lagar trutmunn jo, men ikkje kvifor nokre veljer å ikkje la ei einaste avbilding av seg sjølv vere utan trutmunn. Det hender også for min del at under innflytelse av hjernecelle-lammande flytande føde, at trutmunnen kanskje dukkar opp i ny og ne i eit svakt augneblink framfor eit kamera. I ny og ne. Ikkje kvar j*** gong eit kamera befinn seg framfor nasa - eller i rommet for den saks skuld. Og ja, toppar og t-skjorter har ein tendens til å av og til befinne seg litt lengre nedom den øvre intimsona enn vanleg, også på meg. Men det brukar eg vanlegvis å rette opp så snart et merkar at noko som ikkje burde - heng ut. Eg skjøøønnar dette. Men så har vi kombinasjonen. Lage trutmunn, vere utringa, og ta bilete av seg sjølv med kompaktkamera. Ok, då er det ikkje tilfeldigheiter lengre. Då er det ikkje berre ein svak augneblink med trutmunn, ein topp som har sklidd litt for langt ned, eller ein tilfeldig skeivblikka "pose" framfor eit kamera. Nokre meiner kanskje at dei ser heite ut med trutmunn, utringing, "pose" og heile pakka. Er eg heit, no?

tirsdag 10. mars 2009

Ting eg gjer for å gi livet meining


Eg går på skule og har tre jobbar, det gir meining. Det er slikt ein må gjere, og det er ikkje alltid berre travelt og traust. Men i vintermørket har hjerna mi ein tendens til å bli drittlei av alt mogleg, og når alt tilsynelatande skal gå meg i mot, då pakkar eg kofferten og dreg.

Først gjekk turen til London. I februar vann eg og Stine ein tur med Statoil fordi vi var flinke å prakke Statoilkort på folk. Det blei ein tur med dyr (kremt, gratis) champagne, Arsenal-kamp, Queen-musikal, fine restaurantar, fancy hotell, shopping og anna glede. Herleg.




Etter å ha vore heime i eit par veke, begynte reiselysta/heime-angsten å melde seg igjen, og eg sendte ei melding til Hege:
"Hei, her e en crazy idé. Blir du med til Paris?"
Og Hege som den spontane, herlege venninda ho er, svarte:

"JA!"

og vips, bar det av gårde til Paris. Der budde vi på eit pittelite, skeivt hotell (Skeivt som i at golvet ikkje var beint), midt i Avenue de Clichy. Vi såg Louvre, Eiffeltårnet, Notre Dame, triumfbuen, og ikkje minst, vi var på Can Can-show på Moulin Rouge!


Eg kan ikkje beskrive kor deilig det er å reise på storbyferie midt i februar, langt utanfor turistsesongen og med litt vinter og litt vår i lufta. Både London og Paris er utruleg vakre byar, som eg har besøkt fleire gongar før, og kjem til å besøke fleire gongar igjen.