mandag 4. januar 2010

Solbrent i snøstormen

Bobla er sprukken. Tilværelsen med mange varmegrader, myggstikk, bading, eventyr og drinkar på stranda er over, brunfargen er bleikna og eg er atter ein gong på plass i mørke, kalde Ørsta. Kvardagen kjem krypande mot meg i same stil som hufsa kom smygande på mummitrollet i ei av dei skumlaste mummi-episodene eg har sett i heile mitt liv, og austral-asia-eventyret er berre eit minne – eit fantastisk, varmt minne som eg desperat prøvar å halde ferskt i vinterkulda.

Eg kjenner meg i ein veldig sær, apatisk tilstand, ettersom jula har rast forbi samstundes som eg har prøvd å bearbeide alle inntrykka eg sitt att med etter fire månader fullstappa med opplevingar. Eg har aldri i mitt liv blitt så godt motteken heime som då Timmy kom springande mot meg i lykkerus – og smitta meg med lykkerusen i det vi sa hei og rulla på golvet ilag i rein og skjær gjensynsglede. Ingen har nokon gong vore så glad for å sjå meg før, og eg trur eg aldri har vore meir forelska enn eg er i denne herlege hårballen av ein rampete tibetansk spaniel.

Årets årsskifte, Slutten på 2009 og byrjinga av 2010 har meir enn nokon gong definert eit nytt kapittel i livet mitt, ettersom eg føler eg ser på alt rundt meg med nye auge – sjølv om ingenting rundt meg har forandra seg noko nevneverdig av den grunn. Eg veit det høres ut som eg har vore i eksil i Tibet i hundre og femti år, men dette har faktisk vore den lengste samanhengande perioda i livet mitt eg har vore vekke heimafrå. Heile fire månader. Og steik kor godt det har gjort meg. Ikkje berre har det gjort huda mi godt å vere i sol og saltvatn store delar av dagane (håret mitt har det ikkje like godt), men eg føler på ein måte at eg har fått hovudet skrudd litt på plass. Eg har vore der og gjort det, og eg vil gjere det igjen. Eg vil møte folk, sjå ting, lære, oppdage og oppleve endå meir. Eg veit ikkje kva veg eg skal gå eller kvar eg vil ende opp til slutt, men det gjer ingenting. Eg veit at eg vil og kan og at eg skal – og det er nok for meg.

No står eit nytt kapittel for tur, og sjølv om det står mykje mas og kjas, skulearbeid, jobb, stress og andre kvardagslege kjedsomheiter for tur, så veit eg at det blir mykje kjekt også, og at alt eg gjer og alt som skjer fører meg vidare mot nye eventyr og skapar gode minner og nyttige erfaringar til framtida. Det er ein kunst å gjere det kjedsomme om til kjekt også, og den kunsten skal eg gjere alt i mi makt for å beherske. Har du nokon gong berre vakna opp ein morgon og fått eit lite adrenalinkick over at tilværelsen rett og slett er god? Det gjorde eg ein av dei første dagane i Australia, og den kjenslen har eg teke vare på og den skal eg prøve å hugse kvar morgon når eg vaknar.

Distré, rastlaus, naiv og ambisiøs – og gjer det beste ut av det.

1 kommentar:

  1. Camilla Vollan Standal4. januar 2010 kl. 17:36

    Eg kjenner meg so ijen i det du skriv Susanne!!! Sliter med å kome meg ut av India bobla mi :P Har fått fullstendig reisefeber og berre går å lure på kvar eg skal reise neste gong. Trur alle har godt av ein tur ut i den store verda på eventyr! Er so fantastisk kjekt å sjå nye stadar, treffe nye menneskjer og få nye perspektiv på sin eigen og andres kultur. :D

    - Camilla

    SvarSlett

Har du ei meining om dette?