"Min venstre ankel har herved mista alle sine sjansar til å vinne nokon som helst slags skjønnheitskonkurranse."Her sit eg då, i den nye, fine leilegheita mi i Volda, nært skulen, jobben, butikken og sjukehuset (noko som har vist seg å vere svært nyttig i det siste – les vidare). Eg er ferdig innflytta, Tven har fått kanalar (eg har til og med ein fjernkontroll som tenker sjølv, det er svært), mobilt breiband er i boks og plomma kunne ikkje ha passa betre i egget.
Det første poenget i dette innlegget omhandlar ei lita sjukdomshistorie. Den nevnte plomma hadde tenkt å starte livet sitt som volding med å bli sprek sjønnar du, og tok til å vere med nokre venninner på volleyball for å sjå om dette gjorde susen. I staden for å bli sprek, så endte trening nummer to med to skadde leddband i ankelen, ein lang hinketur mot ytterdøra på idrettsbygget etter den fatale snublen, to-tre røntgenbilete på sjukehuset for å få bekrefta skaden som smerta allereie hadde funne ut at var der, støttebandasje, krykker og ein litt utfordrande kvardag der trapper, is og snø utgjer store hinder for framkomsten.

Min venstre ankel har herved mista alle sine sjansar til å vinne nokon som helst slags skjønnheitskonkurranse, trass den vakre permanente dekorasjonen som prydar ein av dei kroppsdelane eg til no har vore mest nøgd med, tjukk og blå som den har blitt.
Som semi-handikappa (eg har aldri brote/strekt noko eller gått på krykke før, så eg syns frykteleg synd på meg sjølv må du vete) har eg litt meir sitte stille-tid enn vanleg, og har teke til med å underhalde meg sjølv med litt andre ting enn eg gjer til vanleg. Eg har måla eit bilete.

Dette er Totoro frå filmen ”Min nabo Totoro” av Hayao Miyazaki (Studio Ghibli), med litt Takashi Murakami-inspirerte gliseblomstrar i bakgrunnen og den mellomste Totoro-en (Totoro'en? Totoroen?) på hovudet. Under måleriet ser du tromma eg kjøpte i Australia, til venstre litt av longboardet mitt som forhåpentlegvis blir meir brukt no til våren enn det gjorde i fjor sommar då eg kjøpte det.
Eg har også teke til med å rable ned nokre skisser som kanskje kan utgjere nye følgesvenner for sumarfuglen som bur på ryggen min. Her er noko av det eg har tenkt.

To ringar på skulderblada i eit krusedull-design som matchar sumarfuglen. ein G-nøkkel i den eine – fordi eg elskar musikk og kunne gjerne tenke meg å alltid ha eit uttrykk for min lidenskap til det, og ein litt aboriginsk kunst-inspirert gekko i den andre.

Meiningar?
Red. anm: Mora mi har tenkt å skyte meg dersom eg gjennomfører denne planen, så det har sett ein liten dempar på gleda med å leike med tatoveringstankar. Med dette i bakhovudet utset eg utføringa inntil vidare. Inntil eg kanskje er langt utanfor skyterekkevidde og har gifta meg med ein sjukt rik tatoveringsentusiast av ein perfek fantasimann. Det kan bli lenge til, men kven veit?