Viser innlegg med etiketten vennskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vennskap. Vis alle innlegg

søndag 28. februar 2010

Harajuku girls

Ahh, Japansk gatemote! Kawaii! Noko av det mest fascinerande som finst! Eg og Lina kledde oss ut som Harajuku girls til H-festen på Rokken, og saman med Hulken, eit par hippiar, Hello Kitty og ein hest var vi to av ganske få som faktisk hadde kledd oss denne kvelden. Å kle seg ut er noko av det kjekkaste eg veit, og kjolen eg hadde på meg er faktisk kjøpt i sjølvaste Harajuku i Tokyo, tenk! Hatten og Hello Kitty-munnbindet er forsåvidt også kjøpt i Japan då eg var der i haust.






tirsdag 16. juni 2009

Kvinner med hagle i Ørsta

Yber.no kan ein lese om farlige jenter med hagle og duemassakre i Ørsta. Dette er eit resultat av at vi tok oss ein tur på skytebana i Hovdebygda for å skyte frå oss litt eksamensfrustrasjon, og lære å handtere store, skumle hagler. Det var gøøy, spesielt fordi vi faktisk klarte å treffe.
Pang pang!

Ingen duer blei altså skada under denne hendinga. (bortsett frå leirduer)
Martine eigde.
Skyteglade chix

Gro in action



Faarlige mej!

søndag 10. mai 2009

Wake up, Patsy!

Søndag ettermiddag, slutten på ei veke, og første innlegget på fem veker er endeleg i produksjon. Etter siste oppdatering har eg pløya gjennom Stieg Larssons Menn som hater kvinner, eg har lest Twilight av Stephenie Meyer, og trass i at fokuset mitt bør vere ned i mursteinar ved navn Norsk Mediehistorie og Makt og Media, har eg byrja på andre boka i Milennium-serien: Jenta som lekte med ilden. Luringen meg. Eg tillet ikkje meg sjølv å lese meir enn eitt eller to kapittel kvar kveld då, så lenge eg har brukt litt meir tid på på lese pensum enn å lese det som gir meg sjelefred.

Og ja, eg innrømmer, eg går inn i rekka av jenter som er absolutt forelska i Edward Cullen. Er i tillegg litt betatt av Mikael Blomkvist, og etter å ha fullført andre sesong av Prison Break, meir betatt enn nokon sinne av Michael Scofield. There you have it. Nysingel og vårkåt rømmer eg inn i mine tre fantasiverder, Prison Break, Milennium og Twilight sidan mairegnet aldri ser ut til å ta slutt, og eksamenstida nærmar seg som eit åttebeint hårete monster i full spurt for å sluke sjela mi og drite den ut igjen etterpå.

Sidan førre oppdatering har besøkt Ingebøgen min på Nordhordaland Folkehøgskule. Eg har vore i Oslo på bedriftsbesøk saman med mi vakre klasse. Eg har tilbrakt kvalitetstid med Lars-Erik, kjøpt inn litt kjøkkenreiskapar til han som takk for at eg fekk låne golvet has i ei veke, og forhåpentlegvis har han laga seg noko anna til middag enn kylling og brokkoli etter at eg stakk heim.

Har også sett Fantomas for første gong, og eg lo. Eg har bestemt meg for å lære meg russisk. Dette gjorde eg forresten nettopp, sidan eg såg Siri-Lill Mannes på TV, og nokon fortalte meg ein gong at ho kan flytande russisk. Ho er, kan man seie, eit slags forbilete. Det er også Lisbeth Salander. Kva skulle eg vel ikkje gitt for å ha fotografisk hukommelse i desse eksamenslesningstider?

Nokon spurte meg på Rokken i går om det sprutar snørr ut av piercingen min i nasa mi når eg snyter meg. Eg svarte nei, og han verka litt overraska. Kvifor er det overraskande? Det er ikkje eit drill-hål eg har i høgre nasebor, dessutan er det tetta att med ein metallring. Djeez.

For the record er eg imot at Monsen fekk Fritt ord-prisen. Det er det samme som om at eg skulle sitte her å blogge om at Spaghetti-monsteret er den einaste rette religionen og at alle andre må dø, og fått Nobels fredspris for det.

tirsdag 10. mars 2009

Ting eg gjer for å gi livet meining


Eg går på skule og har tre jobbar, det gir meining. Det er slikt ein må gjere, og det er ikkje alltid berre travelt og traust. Men i vintermørket har hjerna mi ein tendens til å bli drittlei av alt mogleg, og når alt tilsynelatande skal gå meg i mot, då pakkar eg kofferten og dreg.

Først gjekk turen til London. I februar vann eg og Stine ein tur med Statoil fordi vi var flinke å prakke Statoilkort på folk. Det blei ein tur med dyr (kremt, gratis) champagne, Arsenal-kamp, Queen-musikal, fine restaurantar, fancy hotell, shopping og anna glede. Herleg.




Etter å ha vore heime i eit par veke, begynte reiselysta/heime-angsten å melde seg igjen, og eg sendte ei melding til Hege:
"Hei, her e en crazy idé. Blir du med til Paris?"
Og Hege som den spontane, herlege venninda ho er, svarte:

"JA!"

og vips, bar det av gårde til Paris. Der budde vi på eit pittelite, skeivt hotell (Skeivt som i at golvet ikkje var beint), midt i Avenue de Clichy. Vi såg Louvre, Eiffeltårnet, Notre Dame, triumfbuen, og ikkje minst, vi var på Can Can-show på Moulin Rouge!


Eg kan ikkje beskrive kor deilig det er å reise på storbyferie midt i februar, langt utanfor turistsesongen og med litt vinter og litt vår i lufta. Både London og Paris er utruleg vakre byar, som eg har besøkt fleire gongar før, og kjem til å besøke fleire gongar igjen.