Viser innlegg med etiketten voldaliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten voldaliv. Vis alle innlegg

søndag 21. november 2010

Pirates /volda

Melodi: Kaptein Sabeltann

Me segla inn te Volda og så tok me beina fatt
Hadde høyrt eit rykte om ein fest i bakkane i natt
røvarar og øl
hattar, sverd og søl
Me tek det aldri roleg
Me søve når me dør

Hiv o hoi
festing natta long
no skal me kaste hemningar og fylle på med rom
Hiv o hoi
surt og kaldt og bratt
piratane i vinterkle
er ute no i natt







tirsdag 11. mai 2010

Journalistkurs /humor

Kvifor treng vi journalistikkutdanning når det fins ein så utruleg god Journalistikk for dummies-video som dette her?

Eg kom over denne ironiske journalistkurs-videoen frå NRK, og sjølv om eg har gitt meg sjølv bloggforbod fram til eksamensinnlevering, sette eg av 6 minutt til å sjå den, le litt, og konkludere med at til og med EG hadde greidd det der. Ein PR-student liksom. Som har kulturstudier som valfag.



Altså, eg syns det er fint og bra og naudsynt med journalistikkutdanning der ivrige albogespissar blir trent i seriøs og gravande journalistikk slik at den ikkje må legge seg ned og døy martyrdøden til fordel for tabloidjournalistikken. Så har vi det på det reine. Men videoen er knallgod.

mandag 3. mai 2010

13:37 sneik seg inn i bloggteorien

Temaet i semesteroppgåva mi i medievitskap er blogging. Som Jill Rettberg skriv i boka si "Blogging" er den beste måten å lære om blogging å gjere det sjølv. Eg les jo litt i boka hennar også eg, då.


Og medan eg gjorde det så kom min gode ven 13:37 på besøk.

tirsdag 27. april 2010

X2 /svosj


Denne helga blei X2-festivalen arrangert, noko vi single jentestudentar i Volda veit å sette pris på. Det er denne gongen i året vi spissar ørene og flaprar litt ekstra med augevippane når vi hører lyden *svosj svosj* av skibukser i det fjerne, for vi veit at i dei skibuksene befinn det seg gjerne ein heit, sprek ikkjevoldastudent som er her fordi han er flink til noko.. noko sprekt.

Mellom anna blei det arrangert ein Longboard-konkurranse. Det sa *svosj* allright. Personleg er eg svært god på bortoverbakke, mens desse gutta er tydelegvis ikkje redde for å døy.

søndag 28. mars 2010

Den nostalgiske 21-åring


Det var fint å bli 21. Eg har kalla meg sjølv for 21 år gammal heilt sidan nyttår, sidan mars er ganske tidleg på året, og fleire stader der alderen min dukkar opp etter namnet mitt har talet 20 vore fråverande heilt sidan årsskiftet.


Men no er det altså over-offisielt. Susanne har blitt 21. Reiser eg til USA no, så får eg lov å drikke der. Takka vere mine gode venninner er Prison Break-samlinga mi komplett. Takk <3
Eg trudde eg plutseleg skulle kjenne meg eldre, men til mi store overrasking blei eg plutseleg fem år gammal igjen og byrja å leite opp gammalt barne-tv. KVA skjedde med barne-tv eigentleg? Eg veit i alle fall at eg veks når eg byrjar å irritere meg over nymotens ting. Denne gongen er det nymotens barne-tv som er offeret. Det syg. Dette her, det er kvalitet, det!







onsdag 17. mars 2010

Byggmeister Susie

OH YES, du las rett, i dag har eg vore byggmeister. Eg har løfta, grubla, snudd, skrudd, tatt frå kvarandre, skrudd oppatt, sukka og jubla - og fått opp fire fine kjøkkenstolar! HEILT ÅLEINE! Mja du kan sei at eg er litt småstolt. (haha).

Masse lause delar og ei blondine. bra utgangspunkt? Håhå - joda.

Bruksrettleiinga har aldri vore min beste ven.


Men sjå der! ein FERDIG STOL!


Og der! FIRE FERDIGE STOLAR!


Då er det bere å kome på besøk uten å frykte at du må sitte på ei pute på golvet fordi sofaen er full. Du skal få lov til det dersom du vil sjølvsagt, men no har du i alle fall fleire alternativ. TAKKA VERE MEG. vær så god. :) :D

søndag 21. februar 2010

Skal sumarfuglen få ein ven eller to?

"Min venstre ankel har herved mista alle sine sjansar til å vinne nokon som helst slags skjønnheitskonkurranse."

Her sit eg då, i den nye, fine leilegheita mi i Volda, nært skulen, jobben, butikken og sjukehuset (noko som har vist seg å vere svært nyttig i det siste – les vidare). Eg er ferdig innflytta, Tven har fått kanalar (eg har til og med ein fjernkontroll som tenker sjølv, det er svært), mobilt breiband er i boks og plomma kunne ikkje ha passa betre i egget.

Det første poenget i dette innlegget omhandlar ei lita sjukdomshistorie. Den nevnte plomma hadde tenkt å starte livet sitt som volding med å bli sprek sjønnar du, og tok til å vere med nokre venninner på volleyball for å sjå om dette gjorde susen. I staden for å bli sprek, så endte trening nummer to med to skadde leddband i ankelen, ein lang hinketur mot ytterdøra på idrettsbygget etter den fatale snublen, to-tre røntgenbilete på sjukehuset for å få bekrefta skaden som smerta allereie hadde funne ut at var der, støttebandasje, krykker og ein litt utfordrande kvardag der trapper, is og snø utgjer store hinder for framkomsten.


Min venstre ankel har herved mista alle sine sjansar til å vinne nokon som helst slags skjønnheitskonkurranse, trass den vakre permanente dekorasjonen som prydar ein av dei kroppsdelane eg til no har vore mest nøgd med, tjukk og blå som den har blitt.

Som semi-handikappa (eg har aldri brote/strekt noko eller gått på krykke før, så eg syns frykteleg synd på meg sjølv må du vete) har eg litt meir sitte stille-tid enn vanleg, og har teke til med å underhalde meg sjølv med litt andre ting enn eg gjer til vanleg. Eg har måla eit bilete.


Dette er Totoro frå filmen ”Min nabo Totoro” av Hayao Miyazaki (Studio Ghibli), med litt Takashi Murakami-inspirerte gliseblomstrar i bakgrunnen og den mellomste Totoro-en (Totoro'en? Totoroen?) på hovudet. Under måleriet ser du tromma eg kjøpte i Australia, til venstre litt av longboardet mitt som forhåpentlegvis blir meir brukt no til våren enn det gjorde i fjor sommar då eg kjøpte det.

Eg har også teke til med å rable ned nokre skisser som kanskje kan utgjere nye følgesvenner for sumarfuglen som bur på ryggen min. Her er noko av det eg har tenkt.


To ringar på skulderblada i eit krusedull-design som matchar sumarfuglen. ein G-nøkkel i den eine – fordi eg elskar musikk og kunne gjerne tenke meg å alltid ha eit uttrykk for min lidenskap til det, og ein litt aboriginsk kunst-inspirert gekko i den andre.


Meiningar?

Red. anm: Mora mi har tenkt å skyte meg dersom eg gjennomfører denne planen, så det har sett ein liten dempar på gleda med å leike med tatoveringstankar. Med dette i bakhovudet utset eg utføringa inntil vidare. Inntil eg kanskje er langt utanfor skyterekkevidde og har gifta meg med ein sjukt rik tatoveringsentusiast av ein perfek fantasimann. Det kan bli lenge til, men kven veit?