Kvifor treng vi journalistikkutdanning når det fins ein så utruleg god Journalistikk for dummies-video som dette her?
Eg kom over denne ironiske journalistkurs-videoen frå NRK, og sjølv om eg har gitt meg sjølv bloggforbod fram til eksamensinnlevering, sette eg av 6 minutt til å sjå den, le litt, og konkludere med at til og med EG hadde greidd det der. Ein PR-student liksom. Som har kulturstudier som valfag.
Altså, eg syns det er fint og bra og naudsynt med journalistikkutdanning der ivrige albogespissar blir trent i seriøs og gravande journalistikk slik at den ikkje må legge seg ned og døy martyrdøden til fordel for tabloidjournalistikken. Så har vi det på det reine. Men videoen er knallgod.

Hihi...utruleg bra innslag. Vil bere tipse om at videoen e breidare enn margane på sida di, so ej såg berre halva her, og gjekk til youtube...og me den nye tellaren (som ej også he hatt på bloggen min før) fe ej opp en advarsel om at d e et "farlig nettsted". Berre sånn du e klar over det.
SvarSlettÅå! Okay, fe prøve å fikse på det med videoen, takk for tipset! Skjer det med dei andre videoane også?
SvarSlettHum, ej so he blitt so glad i den tellaren allereide:p Kjipt om den skal drasse me sej virus.. veit du om nokre andre lignande tellargreier som gir like mykje informasjon som den?
Haha. Sett den der, teke den ganske på kornet for å sei det sann. PR ftw! Malin ;-)
SvarSlettDu kan sikkert berre velge færre pixla når du legge den ut frå youtube, so verte der plass.
SvarSlettDinna tellaren e vel ikkje nåke farle, men tenkte ej berre ville nemne d. Ej vekkje om nåken andre so te me sånne opplysninga, men den ej he sei nåke om kor monge som e "online"....e vel d nærmaste ej kjøme. Artig dinne so vise kar folk e hen når dei e innom.:-) en kan liksom ikkje heilt la vere å lure på ken d e som e innom i løpet av en dag.