Eg elskar å jobbe med prosjekt. Etter at eg traff Bokmannen, har eg tatt på meg PR-rolla for å hjelpe han å realisere draumen om å drive bokhandel. Eg driv nettstaden, facebook-sida, og har lagar plakatar og hjulpe han med medieomtale. Det er kjempegøy. I prosessen har eg brukt mykje tid på å lære meg adobe-pakka, som eg trur er gull å kunne i alle samanhengar.
Kanskje eg er litt PR-kåt. Passande med ein bachelor i PR, kommunikasjon og media, då, sant? Det er ikkje trynet mitt i media som er det som tenner meg mest, men eg engasjerer meg i ting, og dersom nokre av sakene eg engasjerer meg i får publisitet, då blir eg glad. Du finn det meste av mine brennande ungdomsår dersom du googlar meg, men for å spare deg bryet har eg samla litt av det her.
Om ungdomsengasjement, Som redaktør for YBER.no: Ung&Fri 3.utg
2009 s.16: Ung&Fri intervju
- La oss bruke PC fritt under eksamen! Elevrådskamp på Volda VGS: VG 05.04.
2008: VG-artikkel
Kampen for lærebøker på nynorsk, aksjon på Volda VGS: Smp/nynorsksenteret
2007: Målstrid
Akkurat no engasjerer eg meg mest å lære å lage journalistikk på NRK-måten.
http://nynorskmediesenter.no
