Å råtne på eit kjølig og kjedeleg bibliotek er kanskje ikkje det ultimate tidsfordrivet siste dagen i vakre, varme Brisbane, men det er det som er dei kalde, harde fakta for oss flittige studentar som prøvar desperat å bli ferdige med dei til no forhatte 8000 orda våre før eventyret fortsett i Asia. Det er andre gongen eg besøker Brisbane i mitt liv, og eg kan forsåvidt garantere at det ikkje blir den siste.
Eg kjem til å sakne Chai Tea Latte på Gloria Jean og Starbucks, City Beach'en, (og butikken City Beach) været, folka, Ibis-fuglane og kvardagen her generelt, så mykje at det kjem ikkje til å ta lang tid før eg leitar etter ei moglegheit til å få kome tilbake. Eg vil også tilbake til Sydney, Cairns, Byron Bay og Moreton Island, og så vil eg gjerne få sjansen til å besøke Fraser island og Dreamworld neste gong. Det er litt for gale å vere i Brisbane så lenge utan å dra på Fraser Island, men hugs at eg har vore student! Vi har hatt fullt opplegg og mykje å gjere stort sett heile tida. Vi har fått oppleve så utruleg mykje spennande, lærerikt og morosamt, og eg kan trygt seie at dette har vore det mest innhaldsrike skulesemesteret i mitt liv til no.
No står eit tidagers villaliv på Bali for tur, før nasa blir vendt mot ein opplevelsestur i Kambodsja og Vietnam. Etter ei veke med latmannsliv på den vietnamesiske øya Phu Quoc går turen heimatt, og femtande desember står eg atter ein gong på våt, kald, norsk jord. Det vil eg helst ikkje tenke på heilt enno.
Det første som skal skje, er at eg skal på premiere på New Moon på Australia sin største kinoskjerm i kveld. I natt har eg ikkje nokon plass å bu, for eg skal nemleg på nattkino, få oppleve heit vampyr-action på eit 25 meters lerret framfor meg, og reise rett derifrå til flyplassen. Dei siste to nettene har blitt tilbrakt
på backpacker-plassen Somewheretostay, ein fin plass i og for seg, men ikkje akkurat ideell for fire store koffertar og fire jenter som er vande med å bu i fine leilegheiter på Kangaroo Point. I natt fekk vi nemleg besøk av ein svær jævel som skapte litt av eit oppstyr på åttemannsrommet vårt.
Den nevnte jævelen var til informasjon ein av dei største edderkoppane eg har sett i heile mitt liv, og den var IKKJE i bur, den var INNE på soverommet vårt KUN for å lage oppstyr. UGH. Det krevde tre store, sterke, tyske/franske backpackarar
for å trampe ihel jævelen, noko som tok tid sidan jævelen tok alle åtte beina (eg personleg trur han hadde fleire enn åtte bein) fatt og gjorde fleire nesten-suksessfulle fluktforsøk. Eg trur og håper at ikkje familien til jævelen har hevnplanar. Etter synet av han å dømme, må han vere gjengmedlem, noko som kan skape problem for somewheretostay dersom det blir reprisaliar for edderkoppjævelmordet som tok plass i natt.
Viser innlegg med etiketten Australia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Australia. Vis alle innlegg
onsdag 18. november 2009
lørdag 14. november 2009
torsdag 22. oktober 2009
I heart Sydney
Sydney er ein av dei nydeligaste byane eg har vore i til no. Klimaet er herleg, det er sol, varmt og deilig, med ein lett bris som gjer at det er godt å ha ei lita tynn jakke utapå sommarantrekket. Pengane forsvann raskare enn eg hadde planlagt, men HALLO, shopping er ei nødvendigheit når ein er i eit shoppingparadis som Sydney, altså. For the record, så kjøpte eg meg ein kjole til femti kroner, og den er til og med brukande. Eg er ei ukrona salgsdronning, berre spør mine medsamansvorne her Down Under.
Det obligatoriske Operahus-biletet sett frå Sydney Harbour Bridge
Chai tea Latte er herved min nye favoritt-kaffi, og den beste er å finne på Gloria Jean Coffee. Drit i Starbucks, Ja til Gloria Jean i Norge!
Sydney er eit kulturparadis, og traff verkeleg det handlegalne, eventyrlystne, kultursvoltne og kaffi-elskande hjartet mitt. Andre som traff hjartet mitt var Alf Stewart, men det har eg allereie skrytt av i forrige innlegg! Eg har aldri blitt så satt ut av å møte ein kjendis før, det må eg ærleg innrømme. Det er litt større å møte sjølvaste Alf'en enn å møte Tore på sporet, då!
Sydney Harbour Bridge i solnedgangen
Vi var på Imax 3D-kino, på dukketeater på Operahuset og såg musikalen Wicked på Capitol Theater. Eg har fått fugleperspektiv over Sydney ved å stige opp i Sydney tower, og fått manikyr og pedikyr av ein ultrafeminin kinesarmann i Chinatown. Har også klipt meg med ein stylist ved navn Guiseppe. Mykje finfjomsing og mange gode opplevingar med andre ord! Gawd I love Sydney..
lørdag 17. oktober 2009
One day in Summer bay
Susanne: Excuse me, I'm from Norway, and..
Alf Stewart: Well, you can't help for that, can you, Love?
Susanne: Ehehehhh, well, eh uh, I'm a big fan! Can I get a picture?
Alf Stewart: Of course you can!
... Susanne = STOLT
onsdag 7. oktober 2009
Koalafakta
Visste du at koala ikkje er ein bjørn? Sjølv om den var modell for den første teddybjørnen, så er det faktisk eit pungdyr. Den fins berre på austkysten av Australia i eukalyptusskogen, og sjølv om det fins nesten hundre typar eukalyptus, så kan den berre ete tre av dei sortane. Den et berre eukalyptus, ingenting anna, og drikk aldri noko! Namnet Koala er aboriginsk, og betyr "dyr som aldri drikk".

Eukalyptus består kun av fiber og vatn, men før du tenker på å bruke det som slankemiddel, hugs at du mest sannsynleg dør før du blir tynnare. Det er nemleg svært giftig.
Ein koala søv 20 av 24 timar i døgnet. Dei få resterande timane blir brukt kun til å ete, pare seg og slenge seg litt fram og tilbake i trea for å finne nye soveposisjonar. Ein mannekoala er svært territoriebevisst, den treng heile to kilometer rundt seg som ikkje inneheld andre mannekoalaer. Damekoalaer er sjølvsagt hjarteleg velkomne.
Ein koala har ti fingrar, og to tomlar på kvar hand! DET er praktisk, det!
Ein baby-koala er ikkje større enn ei peanøtt eller ei ert (!), og etter den er født, kryp den oppi pungen til mora og blir der i sju månader for å vekse. Ja, koalaer har pung. Pungdyr, ikkje bjørn, remember?
Dersom du skulle komme i skade for å køyre på ein koala, hugs å leit i pungen og sjekk om der ligg ein peanøttbaby. Dersom dette er tilfelle, ta med heile koalaen til dyrlege så dei har ein sjans til å redde babyen. Hugs at pungen til ein koala har opning nede - ikkje oppe slik som på ein kenguru.
Detter er kanskje ikkje nyttig informasjon for dei som ikkje bur på austkysten av Australia, men dersom du skulle komme på å køyre bil der ein gong i livet, så er dette svært verdifull informasjon. Koalaen er nemleg utrydningstrua, og du vil ikkje ha ein død koalababy på samvittigheita, vil du vel??

Vil du vite meir om koala, sjekk ut WWF og Australian Koala Foundation.

tirsdag 6. oktober 2009
Bumerang-maling på North Stradbroke Island
North Stradbroke Island er ei sand-øy rett utanfor Brisbane sin kyst. Den er visstnok ein av dei største sand-øyane i verda, og har ein rik aboriginsk kultur.
Ein fergetur frå Brisbane ligg den 38 kilometer lange øya North Stradbroke Island. Øya har vore bebudd av aboriginarar i heile 40 000 år, og for om lag 200 år sidan blei øya, i likheit med resten av Australia, invadert/busett av europearar.
Øya har vore brukt som mykje rart opp gjennom åra. Den blei brukt som fangeleir for dei britiske fangane som blei sendt til Australia, som katolsk misjonsstasjon for aboriginarar som skulle ”kvitmalast”, og som ein institusjon for eldre og funksjonshemma. I nyare tid har øya blitt til ein turistdestinasjon, og som turistar på øya fekk vi oppleve litt av den aboriginske kulturen som har eksistert så lenge her.
Didgeridoo - ein manneting?
To aboriginske stammar har sine røter på North Stradbroke Island, Noonuccal-stammen og Goenpuls-stammen. Matt er ein mann med aboriginske røtter, og han spelte Didgeridoo for oss. Det er berre menn som får lov til å spele Didgeridoo – sjølv om det var kvinnene som oppfant det. Kortversjonen av den historia er at kvinnene oppfant eit fantastisk instrument, og mennene blei misunnelege. Dei gjekk til ein Eldre leiar i stammen, som sjølvsagt var mann, og sa: Kvifor skal kvinnene ha eit så flott instrument, og vi har ingenting? Den eldre mannen tok sjølvsagt del i den misunninga, og kasta ein forbannelse over Didgeridooen, som gjer at alle kvinner som spelar på didgeridoo blir ufruktbare.
Vi fekk lov til å male vår eigen bumerang, og gjere eit forsøk på å kaste den. I teorien skal bumerangen kome tilbake, men det såg eg ingenting av så det må vere feil (..). Som du ser, fekk vi også ansiktsmaling. Etter aboriginsk tradisjon blir ein mala etter rang i gruppa. Vår ansiktsmaling er ein Stingray, så alt eg kan seie, i og med at vi faktisk ikkje er aboriginarar ein gong, er at Stingray må vere laangt ned på rangsstigen i systemet deira..
onsdag 30. september 2009
1337
Eg sit i fred og ro og arbeider med oppgåva mi om multikulturalisme. Plutseleg slår det meg i trynet at talet 1337 pokker meg har fulgt etter meg heilt til Australia.
Det er heldigvis ikkje lenge igjen til 2000 ord, då. Kanskje eg blir ferdig i morgon klokka 13:37? Eller kanskje 1 337 ord plutseleg forsvinn og eg må skrive oppatt 1 337 ord dagen før innleveringsfristen? Kanskje klokkeslettet på innleveringsfrista er kl 13:37? Eg har faktisk ikkje sjekka. Kanskje eg skal sjekke klokka 13:37 i morgon.

søndag 27. september 2009
Backpacker-paradiset Byron Bay
Denne helga tok vi oss ein jentetur til Byron Bay. Vi budde på "Backpacker's inn", eit hostell skreddarsydd for ungdommar som bur i ein ryggsekk og likar den gode blandinga av avslapping og full fres. Eit par-tredve steg unna låg stranda, som vi berre delte med eitpar surfarar og nokre solsleikarar. Vi slapp med andre ord å klatre over hærskarar med turistar for å komme oss frå strand til vatn, noko vi nordmenn med sydenerfaringar sett uendeleg stor pris på.
Kengurukebab
.. Marinert kenguru på pinne, pastaskruar, BBQ-saus, salat, mais, løk, kvitløk, tomat og fetaost. Ikkje akkurat ein matrett du finn i dei fleste kokebøker, men damn, det er godt!

tirsdag 22. september 2009
Red dust storm

No blir vi bedt om å halde oss inne, for ein sandstorm herjar Brisbane! I dagtidleg såg vi på nyheitene at heile Sidney var raudt på grunn av ein "red dust storm" som hadde komt frå Northern Territory og ut mot kysten. No har den pinadet nådd Brisbane også. Det verkar som Australia er hardt ramma av ekstremvær for tida, det både haglar, regnar, bles og skjelv over heile landet. Sjølvsagt skulle stormen komme AKKURAT den dagen vi hadde tenkt å ta oss eit par timar fri til å slye oss på City Beach'en..
mandag 21. september 2009
Dragon Lizards i heftig slosskamp

På bloggen til Ellen kan du sjå ein ganske artig video av to Dragon Lizards vi møtte på. Midt på gata utanfor QUT tok dei rett og slett til å sloss! Check it out!
søndag 20. september 2009
Kvalsafari ved Moreton Island

THE WHITE SHIRTS! Klesvalget var tilfeldig, altså..
Moreton Island er ei lita øy utanfor Brisbane i Queensland, Australia. Øya er ein draumestad med milevis lange strender, og er eit paradis for dei som likar å aktivisere seg under den australske sola. Her kan du snorkle, mate delfinar, surfe på sandbankane, kjøre firehjuling eller berre rett og slett ligge på stranda og bade i det krystallklare vatnet heile dagen. Vi rakk å gjere det sistnevnte i 35 minutt.

Tangalooma resort har ikkje alltid vore eit biletskjønt ferieparadis, for mellom 1952 og 1962 flaut kvalblodet på øya. Det var ein kvalfabrikk som bidrog til at kvalbestanden utanfor Australia sank dramatisk, og når kvalfangsten byrja å gå dårleg i 1962 var det nokre auge som opna seg. Kvalen var utrydningstrua, og i 1963 blei det forbode å jakte på kval i australske farvatn. Per dags dato er kvalpopulasjonen rekna ut til å vere på rundt 7500 kvalar, og vi har sett tre av dei. Usikker på kva kvalen heiter på norsk, da! Knølkval? Den heiter Humpback whale på engelsk.

På øya blir vi møtt med deklarasjonen om at vi tek del i ein viktig del av historia, nemleg endringa av grunnen til at turistar skal komme til Moreton Island. Tidlegare blei turistar inviterte hit for å sjå på at kvalar blei drept og prosessert på kvalfabrikken. I dag er Tangalooma Resort ein stad som oppfordrar turistar til å sette pris på synet av levande kvalar – utan å skade dei. Vi (turistane) representerer difor ei ny haldning mot kvalar, som har hjulpe å forandre sjølve grunnen til Tangalooma Resort sin eksistens.

Å sjå kvalar på 45 tonn hoppe opp i lufta er ei unik oppleving, og vi opplevde mykje av det på kvalsafari utanfor Moreton Island. Ei kvalmor og ein ”kvalp” (haha, såg du ordspelet?) i tillegg til ein kvalmann dansa rundt båten vår, og kameralinsene stod til alle kantar. Vi fekk høyre at kvalmora dreiv å hoppa fordi ho ville skremme vekk kvalmannen som prøvde seg på ho. Ved å hoppe opp i lufta prøvde ho å skremme han vekk, liksom hinte at ho ikkje var interessert i noko, og dersom det ikkje hjalp prøvde ho å faktisk lande på han. Litt kvaldrama i kvardagen, altså.

onsdag 16. september 2009
Surfing på Gold Coast
Sjå heeerlege Gold Coast, berre..
Ikkje svømme, berre surfe
A lone surfer
Iselin!
SUS I BUSHEN
Det susar i den australske bushen for tida, for eg har nemleg inntatt det einaste landet som også er eit kontinent, som også er ei øy, og som har vinter når Noreg har sumar, som kan tilby ein menneskesort av den mest imøtekomande typen, og som i følgje kartet heiter Australia og er staden der britane sendte fangane sine for nokre år sidan. Dette har eg gjort saman med ein svært så samansett gjeng på 30 stk frå Høgskulen i Volda, og vi skal tilbringe dei neste månadane under den australske sola, som skin gjennom eit svært tynt ozonlag, som trugar med soleksem og førstegrads forbrenning, men som vi elskar og brukar kvart ledige minutt på å tilbe.
Her skal vi studere kulturen, og sjølvsagt også ha forelesningar og fagrelaterte aktivitetar som surfing, kvalsafari, snorkling og ein liten ekskursjon til Japan (!) om nokre veker.
Vi har tilbrakt den førre veka i minilandsbyen Bourke, populasjon 2500 stk, der vi har fått ein smak av landsbylivet i den innerste outbacken, tolv timar innover med buss frå Brisbane. Bourke ligg i staten New South Wales, og etter alt å dømme er den store stoltheita ein forhenværande ull-eksport og det faktum at Henry Lawson skreiv nokre fine linjer om byen, og så drakk seg i hel der. ”If you know Bourke, you know Australia” skreiv han.

Landevegane i Australia er raude, sandete, og tilsynelatande endelause. Bourke sin populasjon består av 30 prosent aboriginarar, og resten kvitingar, emuar og kenguruar. Etter nokre timar på vegen er konklusjonen i alle fall den at i følgje det blotte auget, så finst det fleire daude kenguruar enn levande i og rundt Bourke – og mordaren er trafikken. Sjå for deg ein buss full av håpefulle nordmenn som gler seg som ungar til å sjå sin første kenguru, og blir meir og meir demotiverte ettersom kenguru-kadaver etter kenguru-kadaver dukkar opp på rekke og rad i vegkanten, og den levande typen stort sett glimrar med sitt fråvere. Nokre få høgdepunkt har vi heldigvis opplevd, og i tillegg til kenguruar har vi sett opptil fleire emuar. Emuar er artige dyr, altså. Heilt fantastiske. Og levande.

Ettersom Bourke har mange aboriginske innbyggarar, og befinn seg langt ute i outbacken, finst det mange stader der ein kan sjå aboriginsk kunst og sjå ”levande” bevis på den aboriginske kulturen og det gamle levesettet deira. Vi har vore på reservat og fått sett steinmåleri, og lært om urter og blad som blei – og framleis blir – brukt som medisin i den aboriginske kulturen.

Det verkar som at vårt nærvere i Bourke er årets happening i denne lille byen. Halve bygda samlast på BBQ for å sjå kva vi er for slags dyr, dei syng til oss og syns det er ikkje måte på kor kjekt det er å ha oss der. Til og med ordføraren glimrar med sitt nærvere når 30 norske studentar er til stades. Sjølvsagt poserte han saman med oss på bilete, og han måtte til og med få fotografen til å ta bilete med sitt eige mobilkamera, så han kunne vise kona si når han kom heim at han hadde vore på fest med norske studentar.

søndag 22. mars 2009
Dæng bæng boom
... Og då var planen for hausten klar!
Ein nesten-eitt-år-lang draum, eitt semester med planlegging, ein søknad, eit intervju, så blei det endeleg bestemt i form av ein "du er komt inn"-mail at eg skal til Australia til hausten! Faktisk ikkje berre Australia, men Japan også. Det kallast Austral-Asiatisk kulturstudium, tenk. Tilleggs-reisemål tør ikkje eg å byrje påstå heilt enno, men ein skal ikkje sjå vekk i frå at fleire enn eitt asiatisk land blir å besøke i tillegg. Når eg først skal på tur, då skal eg på tur! Og ikkje nok med det, alle mine tre søknadsfrender, Maria, Ellen og Iselin kom også med! Blir dette verdens beste skulesemester, eller kva?
Etter ei mørk, kald, tung (jada, og av og til kjekk) vinterstid er det godt at kurva endeleg no går oppover. Kven veit, kanskje eg kjem drassande heim med ein deilig surfe-dude til jul? Haha:D I sommar skal det i alle fall jobbast og tenast pengar, og Austral-Asiatiske kulturstudium skal berike mitt liv med snorkling, kvalsafari, sol og kultur heilt fram til jul! Og det beste..
.. Tenk å vere solbrun til julemiddagen!
.. Før og etter? Haha!

Abonner på:
Innlegg (Atom)