onsdag 7. oktober 2009

Koalafakta

Visste du at koala ikkje er ein bjørn? Sjølv om den var modell for den første teddybjørnen, så er det faktisk eit pungdyr. Den fins berre på austkysten av Australia i eukalyptusskogen, og sjølv om det fins nesten hundre typar eukalyptus, så kan den berre ete tre av dei sortane. Den et berre eukalyptus, ingenting anna, og drikk aldri noko! Namnet Koala er aboriginsk, og betyr "dyr som aldri drikk".



Eukalyptus består kun av fiber og vatn, men før du tenker på å bruke det som slankemiddel, hugs at du mest sannsynleg dør før du blir tynnare. Det er nemleg svært giftig.

Ein koala søv 20 av 24 timar i døgnet. Dei få resterande timane blir brukt kun til å ete, pare seg og slenge seg litt fram og tilbake i trea for å finne nye soveposisjonar. Ein mannekoala er svært territoriebevisst, den treng heile to kilometer rundt seg som ikkje inneheld andre mannekoalaer. Damekoalaer er sjølvsagt hjarteleg velkomne.

Ein koala har ti fingrar, og to tomlar på kvar hand! DET er praktisk, det!

Ein baby-koala er ikkje større enn ei peanøtt eller ei ert (!), og etter den er født, kryp den oppi pungen til mora og blir der i sju månader for å vekse. Ja, koalaer har pung. Pungdyr, ikkje bjørn, remember?

Dersom du skulle komme i skade for å køyre på ein koala, hugs å leit i pungen og sjekk om der ligg ein peanøttbaby. Dersom dette er tilfelle, ta med heile koalaen til dyrlege så dei har ein sjans til å redde babyen. Hugs at pungen til ein koala har opning nede - ikkje oppe slik som på ein kenguru.

Detter er kanskje ikkje nyttig informasjon for dei som ikkje bur på austkysten av Australia, men dersom du skulle komme på å køyre bil der ein gong i livet, så er dette svært verdifull informasjon. Koalaen er nemleg utrydningstrua, og du vil ikkje ha ein død koalababy på samvittigheita, vil du vel??



Vil du vite meir om koala, sjekk ut WWF og Australian Koala Foundation.

2 kommentarer:

  1. Ahiihiii, Alf stewart <3

    Og kul info om koalabjørna/koalapungdyr? ;)
    synst det va kjekkt å lese!

    SvarSlett
  2. Tusen takk, bra at du likte det:)

    SvarSlett

Har du ei meining om dette?