mandag 3. oktober 2011

Japanconvention i Oslo/bilete

..Tilfeldigvis var det Japan/animé/nerdeconvention/-samling akkurat når eg befann meg i hovudstaden. Eg var (diverre) ikkje der sjølv, men knipsa nokre bilete av alle dei japaninspirerte kostymene som vandra rundt i Oslo.

Utruleg artig.



Kvifor visste eg ikkje om dette? Eg hadde seriøst - i alle fall i eit sekund eller to - vurdert å melde meg på.





Ah. Oslo, altså.

Fleire bilete kan du sjå i Flickr-feeden øverst til høgre ->

Draumen om Marienlyst

NRK Nynorsk Mediesenter-bloggen min kan du lese om utflukta frå Førde til Oslo. Der blei vi vist rundt på Marienlyst av sjølvaste, kjæraste hallodama Ragnhild Sæltun Fjørtoft. Og ja, eg fekk stå saman med ho i hallodameskjermen.

Ho viste oss rundt på Marienlyst, og vi besøkte fleire redaksjonar.


torsdag 22. september 2011

Eg har ikkje forsvunne, eg er i Førde

Eg har ikkje forsvunne frå jorda si overflate, eg har berre flytta til Sogn og Fjordane.
Eg har heller ikkje slutta å blogge, sjølv om det kan sjå slik ut. Eg har berre bytta plattform for høvet.


Nye utfordringar i NRK

Medpraktikantane mine er flotte folk. Frå venstre: Sondre Dalaker, Maria Pile Svåsand,
meg, Agnese Bremere og Lars Erik Andreassen

Høvet er nemleg slik at eg er nynorskpraktikant. Det betyr at eg er ein av fem heldige som får ei journalistikkutdanning i løpet av seks månader, i regi av NRK.

Vi held til på loftet i NRK-huset i Førde, og her går dagane i forelesningar, kurs, øvingar og reportasjeproduksjon med tett oppfølging.

Til no har vi hatt kurs og øvingar med logoped, fotograf, erfarne journalistar og kyndige språkfolk, samtidig som vi har blitt kasta ut i det praktiske arbeidet med å finne gode saker og intervjuobjekt og å arbeide teknisk med å snekre i hop reportasjar.

Eg kosar meg

Eg lærer noko nytt kvar einaste dag, og kjenner meg meir og meir sikker på meg sjølv kvar dag. Det er ei god kjensle, og ei god forsikring for framtida.

Samtidig er det tungt. Alt går veldig raskt, og det blir forventa mykje av oss. Men det er slett ikkje negativt.

Følg meg!

Denne bloggen er som du ser litt nedprioritert no når eg brukar all min energi på å bli kursa, og å produsere nettsaker, radioreportasjar og tv-reportasjar for NRK Sogn og Fjordane.

Du kan likevel følge med på livet mitt som nynorskpraktikant, for eg bloggar nemleg på http://nynorskmediesenter.no.

Der finn du også lenker til reportasjar som har komt gjennom nålauget og blitt sendt på NRK Sogn og Fjordane.

lørdag 25. juni 2011

UKM-festivalen



Ifølge fleire riksdekkande media er Trondheim kun herja av Selbufestival og eit sykkelritt i helga, men vi i UKM Nettredaksjonen veit betre.

I år er eg redaktør for nettredaksjonen under UKM-festivalen.

UKM-festivalen er ein festival der 500 ungdommar i alderen 13-20 år briljerer med talenta sine som dei har komt vidare med frå lokal- og fylkesmønstringar. Her fins alt frå sirkusshow og musikk i absolutt alle sjangrar, til dans, koppestabling (!), humorinnslag og parodiar, kunst, dikt, joik og mykje, mykje meir.

Dyktige og kreative folk - eg elskar det!

(Eg elska det sjølvsagt spesielt klokka 13:37)

Alle er vanvittig flinke, og UKM sluttar aldri å overraske. Og for ikkje å nevne alle talenta i nettredaksjonen. Eg er så heldig å få vere redaktør for ein stor gjeng med flinke folk i alderen 14 - 29 (!) som arbeider hardt og leverer spennande og gode artiklar, kule og kreative bilete og videoreportasjar.

Vi i nettredaksjonen har æra av å dekke UKM-festivalen på nettstaden festivalen.ukm.no. På denne nettstaden finn du livestream frå alle framsyningane, du finn artiklar, intervju og bilete som er omstendeleg lenka opp mot dei innslaga som er omtalt slik at du skal ikkje leite lenge for å finne ut alt du vil vite.

Følg med live!

Eg oppfordrar alle til å ta ein tur innom livestream frå UKM-scenene, og for siste nytt frå festivalen, følg @ukmnorge på twitter!

Foto: Thyra Eljarbø (14) UKM nettredaksjonen