Eg har ikkje forsvunne frå jorda si overflate, eg har berre flytta til Sogn og Fjordane.
Eg har heller ikkje slutta å blogge, sjølv om det kan sjå slik ut. Eg har berre bytta plattform for høvet.
Nye utfordringar i NRK

Medpraktikantane mine er flotte folk. Frå venstre: Sondre Dalaker, Maria Pile Svåsand,
meg, Agnese Bremere og Lars Erik Andreassen
Høvet er nemleg slik at eg er nynorskpraktikant. Det betyr at eg er ein av fem heldige som får ei journalistikkutdanning i løpet av seks månader, i regi av NRK.
Vi held til på loftet i NRK-huset i Førde, og her går dagane i forelesningar, kurs, øvingar og reportasjeproduksjon med tett oppfølging.
Til no har vi hatt kurs og øvingar med logoped, fotograf, erfarne journalistar og kyndige språkfolk, samtidig som vi har blitt kasta ut i det praktiske arbeidet med å finne gode saker og intervjuobjekt og å arbeide teknisk med å snekre i hop reportasjar.
Eg kosar meg
Eg lærer noko nytt kvar einaste dag, og kjenner meg meir og meir sikker på meg sjølv kvar dag. Det er ei god kjensle, og ei god forsikring for framtida.
Samtidig er det tungt. Alt går veldig raskt, og det blir forventa mykje av oss. Men det er slett ikkje negativt.
Følg meg!
Denne bloggen er som du ser litt nedprioritert no når eg brukar all min energi på å bli kursa, og å produsere nettsaker, radioreportasjar og tv-reportasjar for NRK Sogn og Fjordane.
Du kan likevel følge med på livet mitt som nynorskpraktikant, for eg bloggar nemleg på http://nynorskmediesenter.no.
Der finn du også lenker til reportasjar som har komt gjennom nålauget og blitt sendt på NRK Sogn og Fjordane.

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar
Har du ei meining om dette?