
Ifølge fleire riksdekkande media er Trondheim kun herja av Selbufestival og eit sykkelritt i helga, men vi i UKM Nettredaksjonen veit betre.
I år er eg redaktør for nettredaksjonen under UKM-festivalen.


UKM-festivalen er ein festival der 500 ungdommar i alderen 13-20 år briljerer med talenta sine som dei har komt vidare med frå lokal- og fylkesmønstringar. Her fins alt frå sirkusshow og musikk i absolutt alle sjangrar, til dans, koppestabling (!), humorinnslag og parodiar, kunst, dikt, joik og mykje, mykje meir.
Dyktige og kreative folk - eg elskar det!

(Eg elska det sjølvsagt spesielt klokka 13:37)
Alle er vanvittig flinke, og UKM sluttar aldri å overraske. Og for ikkje å nevne alle talenta i nettredaksjonen. Eg er så heldig å få vere redaktør for ein stor gjeng med flinke folk i alderen 14 - 29 (!) som arbeider hardt og leverer spennande og gode artiklar, kule og kreative bilete og videoreportasjar.
Vi i nettredaksjonen har æra av å dekke UKM-festivalen på nettstaden festivalen.ukm.no. På denne nettstaden finn du livestream frå alle framsyningane, du finn artiklar, intervju og bilete som er omstendeleg lenka opp mot dei innslaga som er omtalt slik at du skal ikkje leite lenge for å finne ut alt du vil vite.
Følg med live!
Eg oppfordrar alle til å ta ein tur innom livestream frå UKM-scenene, og for siste nytt frå festivalen, følg @ukmnorge på twitter!

Foto: Thyra Eljarbø (14) UKM nettredaksjonen

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar
Har du ei meining om dette?