Her finn du nokre av tekstane eg har produsert gjennom studier og praktikantopphald til no. For augneblinken er eg praktikant i NRK Sogn og Fjordane, og der er eg så heldig at eg ikkje berre får skrive, men også lage TV og radioreportasjer innimellom kursinga og øvingane.
Lengre nede på denne sida kan du lese tekstar frå tidlegare engasjement.
NRK Nynorsk mediesenter
På bloggen min på NRK Nynorsk Mediesenter sine sider ligg det lenkjer til mine nett- radio- og tv-saker som blir sendt på NRK Sogn og Fjordane under praktikantopphaldet mitt.
Du kan til dømes lese mi første nettsak som blei publisert på NRK.no/sf
..Eller du kan høyre mi første HF-sending (live-opptak) som forøvrig også var min første gong i førarsetet på ein traktor
The Stolen Generations
Dette er ei research-oppgåve eg skreiv då eg gjekk Austral-Asiatisk Kulturstudium gjennom Høgskulen i Volda hausten 2009. Studiet fann stad i Australia og Japan, og eg lærte mykje om mellom anna australsk kultur og historie. Noko som fengja meg var alt det urettferdige dei innfødte i Australia har blitt utsett for heilt fram til nyare tid, og eg valde difor å skrive om dette i hovudoppgåva mi. Den handlar om dei aboriginske barna i Australia som blei kidnappa frå familiane sine mellom 1910 og 1970, og i denne teksta får du ei lita innføring i kven dei er, kva som skjedde og kvifor. Teksta er på engelsk.
Les den her: The Stolen Generations
Artiklar på FN.no
Eg har vore praktikant som informasjonsrådgjevar i FN-sambandet gjennom PR, kommunikasjon og media-studiet i Volda. Her er nokre av tekstane eg publiserte i løpet av tida mi der.
8.Mars 2011: Kampen er ikkje vunnen
"Tora Aasland vart kvotert inn i politikken. I dag er ho minister for to departement. Kvinner over heile verda får stadig meir makt og innverknad, men ifølgje Aasland er ikkje kvinnekampen over."
Les heile på FN.no
Kan Gaddafi bli tiltalt for folkemord?
"Eit heitt spørsmål om dagen er om Den internasjonale straffedomstolen vil tiltale Muammar Gaddafi. Kva konsekvensar får dette for konflikten i landet?"
Les heile på FN.no
Vil ha dialog med Taliban
"-Militært nærvær i Afghanistan har inga hensikt. Eg meiner løysinga på konflikten er å kommunisere med Taliban, seier Kai Eide."
Les heile på FN.no
Norsk FN-støtte: For mykje byråkrati og for lite handling?
"Noreg har gitt over to milliarder kroner i støtte til demokratiutvikling gjennom FN dei siste ti åra. I år lanserte norske Norad ein rapport som – ironisk nok – mellom anna påpeikar at Noreg er altfor opptekne av rapportering."
Les heile blogginnlegget for FN-bloggen
