Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten musikk. Vis alle innlegg

lørdag 14. august 2010

Sumarferie /bryllup og festival

Det ser ut til at eg har tatt sumarferie frå blogginga den siste månaden. Sidan ferien per definisjon no er over, set eg i gang med å pøse ut usensitiv informasjon om livet mitt igjen, til glede for mine faste fjorten følgjarar, og etter statistikken å dømme, nokre få til! For at det ikkje skal bli diskusjon (haha), så må eg understreke at eg har levd eit aktivt ikkje-digitalt liv og dermed ikkje har hatt/teke meg tid til å blogge. Det er ikkje tilfellet at eg ikkje har gjort på noko som er verdt å blogge om. Så er det på det reine. Dersom nokon lurte liksom. Her kjem bildebevis!

I mitt ikkje-digitale liv i sommar har eg vore på tur til Bø og Sortland i Vesterålen der eit bryllaup fann stad. Ingrid, søskenbarnet til mor mi (og sjølvutnemnt supersøskenbarn til meg sånn eigentleg, sidan slektskapen vår ikkje har namn måtte vi finne på eit), og Nils, hadde eit fantastisk fint, gjennomført og artig bryllup med 160 gjestar. Her er brudeparet midt i eit saftig kyss:


Her ser du meg og søstra mi, og ein liten bror i bakgrunnen.


Timmy sette stor pris på anledninga til å boltre seg i den nordnorske naturen. Eg stiller opp på biletet for å vise at eg óg kan "sette pris på turar i skog og mark".
Tok også turen til Sommerfesten på Giske der eg og Grete stilte som frivillige i informasjonsteltet. Vi sette også opp vårt eige telt, som dokumentert nedanfor:

Når vi var ferdige på jobb og ferdige å sette opp telt, kasta vi i oss morobrus og morogelé og fekk med oss mellom anna Damien Rice, Casiokids, Karpe Diem, Susanna and the Magical Orchestra, og Tom McRae, som dokumentert her:


Og ellers har eg jobba for å tene til studentlivets opphald, noko eg ikkje har dokumentert i bilete, men derimot i pengar. For mykje pengar, faktisk. For lånekassa har ein policy som seier at dersom du jobbar hardt i sommarferien og ved sidan av studiet, så skal du bli straffa i form av at ein del av stipendet blir omgjort til lån. Så heilt til slutt vil eg gi ein beskjed til kjekk, norsk og arbeidsam ungdom: Ligg heller på latsida, og ten under 136 061 kr. Det lønner seg! (...)

mandag 12. juli 2010

ROSKILDE FESTIVAL 2010 /film

Å beskrive festivalopplevinga på Roskilde 2010 med ord er vanskeleg. Det er i grunnen utruleg dumt, sidan å vere litt flink med ord liksom er eit karaktertrekk med meg, så ein kan rett og slett konkludere med at personlegdomen min er sett på prøve etter å ha vore på den største festivalen i Nord-Europa. Det er massivt. Eg skal likevel prøve å forklare alle dykk 14 faste lesarar alt det fantastiske eg har opplevd, men i mangel på ord kasta eg ihop ein video også, som kjem lengre nede i dette innlegget. Eg har forresten super-videomakar-eigenskapar, og det lyser nok gjennom som ein lyssabel i mørket i denne filmen. Eg hadde glidd rett inn som regissør i Hollywood. Enda eit flott personlegdomstrekk med meg. (kremt).
Dagane etter eg kom heim frå Roskilde kjentes det ut som det sat ei jublande folkemengde inni hovudet mitt og blåste såpebobler, og boblene kom berre halvvegs ut øyrene før dei stoppa.

Eg sat i 6 timar i kø for å sjå MUSE live på nært hald. Det var faktisk meir glamorøst enn det høres ut som, for vi sat på graset i sola og drakk øl, og fekk med oss PATTI SMITH AND BAND og KASHMIR i same slengen. Så fekk vi springe inn i mosh-piten og mine gudar, våte draumar og musikkinspirasjonar i MUSE spelte berre til meg (og 70 000 andre som forsåvidt stod bak meg). Det var ei religiøs oppleving. Det var forsåvidt også PRINCE og kordamene hans som gav meg gåsehud og tårer i augene. Eg fekk oppleve legendene ALICE IN CHAINS med ei øl i handa i solnedgangen. Eg har headbanga til KILLSWITCH ENGAGE - mine emofjortiss-heltar som faktisk er sjukt flinke live. PARAMORE imponerte, den dama er heilt rå! Ein av dei kulaste konsertane var GORILLAZ, og her er ei lita avsløring: Dei er faktisk ikkje teikneseriefigurar! Det overraska meg. Eit høgdepunkt var THE PRODIGY - her gjer ordmangelen seg gjeldande - Alle har eit forhold til Prodigy, så kanskje de klarer å forstå kva eg prøvar å seie. SJUKT. Heilt sjukt. Stemninga var berre heilt ubeskriveleg. "All you mafakkas get down on the floor" sa han, og 70 000 galne menneske sette seg på huk, heile bakken senka seg ein meter, og så spratt alle opp samtidig og ropte "SMACK MY BITCH UP".

Når sola skein sette vi oss på graset for å ete lunsj og nyte JACK JOHNSON, og middagen hadde FLORENCE + THE MACHINE til bakgrunnsmusikk. Eg hadde aldri høyrt KASABIAN før, men no skal eg høyre meir på det. Det bør du også. Til alle dykk blodfans som eg veit fins der ute, er de misunnelege når eg seier eg har sett MOTÖRHEAD og MESHUGGAH live, og dykk har ikkje? Verdt å nemne er BIFFY CLYRO og CASIOKIDS som fekk folk til å rett å slett byrje å danse der dei stod i samtaleringar rundt om kring - fascinerande syn. Stjerne-ensemblet THEM CROOKED VULTURES var utruleg kult. Besetninga beståande av Dave Grohl, Joshua Homme og John Paul seier sitt. THE TEMPER TRAP er forresten utruleg fin musikk.

Det var nokre FÅ av alle dei tusen høgdepunkta, dei eg klarte å plukke frå toppen av hjerna for augneblinken. Heile opphaldet på Roskilde var heilt fantastisk gøy, alle var blide, koselege og glade i kvarandre, og levde godt opp til Roskilde sitt motto "Take care of each other". Eg sit at med litt øyresus, rennande nase og øydelagt rygg, men eg har berre ein ting å konkludere med.. EG SKAL PÅ ROSKILDE FESTIVAL 2011!

Nyt filmen. Get the Orange feeling. (Så passar det seg vel å beklage den dårlege kvaliteten.)


mandag 26. april 2010

True blood /sørstatsdialekt

Som serieavhengig og vampyr-entusiast gjennom mange år kjem det nok som eit sjokk for nokon at eg ikkje har sett True Blood før no. Vel, no har eg sett det, og eg elskar det. Det er basert på bøker, og eg hadde jo eigentleg tenkt å lese bøkene først, men så blei det berre altfor dumt å ikkje ha sett det så eg gjorde det. Eg må seie at eg aldri har likt den sørstats-dialekta før - men True Blood har hjulpe meg å sette pris på den. faktisk så har eg komt til den konklusjonen at den faktisk er dritkul. Eg smilar kvar gong Bill seier "Sookieh". Sookieh. Hihi.


Og det tok ikkje mange dagane før eg raste gjennom både sesong 1 og 2 - og no må eg vente på sesong 3! OMG! Drit! Eg hatar å vente! Eric. Mm.


Kvifor kan ikkje verda vere litt meir sånn? Littegrann meir overnaturlig, lidenskapleg og heftig? Her er introen. Digg it. Sjå True Blood.

Grr.


mandag 1. mars 2010

Sukiyaki Song

Endeleg fann eg den! I Hiroshima var det ei jente som song denne til oss, og eg syns den var utruleg nydeleg. I ettertid har vi irritert oss over at vi ikkje hugsa kva den heitte, men etter litt youtube-research fann eg ut at den heitte Sukiyaki Song (I look up as I walk) . Det er ein trist song som handlar om å miste nokon. Set deg tilbake og nyt denne fine akustiske coverversjonen av Sukiyaki Song.



..Eller sjekk ut originalen av Kyo Sakamoto - litt annleis men også svært koseleg!



Og her har vi ei japansk dame som syng endå ein annan versjon på engelsk. Og ho dansar. :P

tirsdag 26. januar 2010

Studio Ghibli :D

Vil du høre en nyydelig song frå ein nyydeleg japansk film? Klikk! :D :D


Og så denne då! :D:D TOTORO ILU!

mandag 24. august 2009

Kaizers har aldri vore heitare!




I sommar var eg på Malakoff Rockfestival, men eg kom aldri så langt at eg blogga om det i akseptabel ettertid. Såh. Her kjem artikkelen om det som ligg publisert på Yber.no :)



Malakoff Rockfestival hadde publikumsrekord, masse feit musikk og reine utedo!

Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid i år kunne ikkje ha vore ein større suksess. Publikumsrekorden på heile 11 000 besøkarar er eit historisk tal for den seks år gamle festivalen. Sjølve festivalcampen måtte utvidast kontinuerleg på grunn av dei store mengdene festivalklare ungdommar som strømte til utan stans utover dei to dagane festivalen føregjekk. Det er kanskje ikkje så rart - for festivalen som har som mål å auke interessa for norsk rock og samle ungdommar, studentar og vaksne i regionen, raff dei fleste øyrer og hjarter med å booke nokre av dei største namna som er i vinden i norsk rock i dag.

Hallelujah!
Eitt av dei største trekkplastera i år var dei evigpopulære rytmekongane Kaizers Orchestra. Gutta i Kaizers sluttar aldri å engasjere med det råe og energiske uttrykket sitt, og syng på kanskje den mest karakteristiske dialekta i Noreg, "Jærsk". Tommy Tokyo, Silver og Superfamily var nokre av dei som stod for ei verdig oppvarming for gutta i Kaizers, som frå første tone sendte skjelvingar ned buksene og sveittedråpar ut av pannene til elleville publikummarar.Dei dengte laust på oljefat, vokalisten kasta skjorta, og ville, glade festivaldeltakarar fekk verkeleg kjørt seg sidan det faktisk kkje går an å stå stille under ein Kaizers-konsert. Det må nemnast at vokalist Janove Ottesten går under kategorien "meget, meget heit", og kombinasjonen med å vere heit, dyktig, og å framføre så vanvittig engasjerande musikk er ei bombesikker oppskrift på ein suksessfull konsert - i alle fall frå ein kvinneleg, lettantenneleg fan sitt perspektiv.

Katzenjammer: GRRVOFF

Det kan trygt seiast at Malakoff formidla høgdepunkt etter høgdepunkt - og eitt av dei største høgdepunkta varte i ganske nøyaktig éin time, då jentene i Katzenjammer sendte ut spark etter spark i ræva på konvensjonell popmusikk. Det kan brukast så mange adjektiv på musikken til dette bandet at eitt, to eller tre faktisk ikkje på langt nær strekk til. Jentene sjonglerar på opptil femten forskjellige instrument, og byttar på rollene etter kvar song. I tillegg til å framføre så perfekte harmoniar at verda rundt freistar å stoppe opp ei stund, for deretter å rotere raskt og hardt i neste augeblink, er det ei like stor fryd for auget som det er for øyret på Katzenjammer-konsert. Jentene er så engasjerte at det er umogleg å stå stille og berre høyre på.

Det har blitt skrive om Katzenjammer tidlegare på Yber - og det er ikkje til å stikke under ein stol at underteikna kan skryte på seg å vere ein av deira aller største fan. Dette blei kanskje bekrefta under Malakoff - sidan det upartiske journalist-trynet trygt måtte leggast på hylla, og det freista mykje meir å stå på fremste rad og hoppe og hyle til dette herlege ensemblet.

Eva and the Heartmakers, Motörhead, El Caco og Ulf Lundell serverte variert musikk som perler på ei snor, etterfulgt av det største trekkplasteret etter publikumstalet å dømme - nemleg Turboneger. Blant publikummarane var det stor oppslutning frå den trufaste fanskaren Turbojugend - og Turboneger innfridde forventningane. Turboneger hadde ein god dag, og etter søndagstryna som var å sjå dagen derpå å dømme, hadde dei fleste andre også ein svært god dag.

Hygiene, ja takk

Malakoff har klart å skape eit konsept med stor suksess, og det er ikkje berre lokale som tek turen til lille Nordfjordeid denne helga i juli. I nabotelta på campen kunne ein høyre alle slags dialekter, noko som vitnar om at det har gått gjetord om festivalen utover regionsgrensa.

Malakoff skal ha skryt for hygienerutinene angåande reinsligheita på utedoa på festivalområdet. Utedoa på campen er eit anna kapittel - men det skal vi sjå vekk i frå denne gong. Leiinga har lova forbetringar på det området seinare. Inne på fetivalområdet var dokøa lang - og i køa kunne ein skimte ein og anna frivillig person - angiveleg ikkje tissetrengde - med raude vestar, jif og papir i handa. Resultat - reine utedo. Godt jobba, og takk for ei god festivaloppleving.Sjekk ut bildegalleriet for å få ein liten smak på korleis det er å vere på Malakoff - den lille, lokale festivalen som stadig overraskar med feite musikkopplevingar, relativt reine utedo og som garanterar god festivaloppleving.

lørdag 16. mai 2009

Grand prix og denslags


Den felespelande Ivo Caprino-figuren med dådyrauge og berre 23 år på raua, har forhåpentlegvis klart å ikkje berre vinne - men kanskje også heve Melodi Grand Prix-standarden ein smule.


Den velkjende landeplaga Fairytale er herved kåra til årets Europa-plage, etter at Aleksander Rybak smilte, song og spelte seg til siger i Moskva dagen før nasjonaldagen sjølv. Melodi Grand Prix har garantert i alle dei år gjort seg bemerka som eit program med stor underhaldningsverdi. Den musikalske standarden kan for øvrig ikkje skryte på seg å vere hovudattraksjonen, sjølv om det for mange er nettopp mangelen på musikalsk standard som har utgjort den største underhaldningsverdien i alle dei år.


For ikkje å snakke om utalet med glitrekostymer, kondomdrakter, voldsomme hoftevrikk og vindmaskin-overdosene som har ikkje berre heva eit par augebryn - men ofte utløyst heller alvorlege kniseanfall med fare for krampelatter hjå underteikna etter å ha svitsja innom fenomenet i mangel på anna dugande underhaldning.


Kvifor har vi døypt det om til Melodi Grand Prix, eigentleg? Eurovision Song Contest er da ikkje mindre norsk enn Melodi Grand Prix. Noreg er verdsmeistrar i å oversetje bok- film- og programtitlar til dei mest søkte titlane, og gjerne der det er høgst unødig.


Glitter&Glam-kritikk til side, Aleksander Rybak vann overlegent i gårkveld, og det må seiast at det var velfortent. Allslags brunkrembelagte hoftevrikkande kondomkledde greske gudar og annaslags vindmaskin-misbrukarar hadde ikkje ein sjans mot ein allereie etablert landeplage - med dei søtaste augene som nokon gong har stirra inn i ei kontaktsøkande kameralinse.

fredag 13. mars 2009

Ramalama Bang Bang

Elsk den, hat den, men denne songen får meg alltid i svært, svært, svært godt humør! YEAH!