lørdag 16. mai 2009

Grand prix og denslags


Den felespelande Ivo Caprino-figuren med dådyrauge og berre 23 år på raua, har forhåpentlegvis klart å ikkje berre vinne - men kanskje også heve Melodi Grand Prix-standarden ein smule.


Den velkjende landeplaga Fairytale er herved kåra til årets Europa-plage, etter at Aleksander Rybak smilte, song og spelte seg til siger i Moskva dagen før nasjonaldagen sjølv. Melodi Grand Prix har garantert i alle dei år gjort seg bemerka som eit program med stor underhaldningsverdi. Den musikalske standarden kan for øvrig ikkje skryte på seg å vere hovudattraksjonen, sjølv om det for mange er nettopp mangelen på musikalsk standard som har utgjort den største underhaldningsverdien i alle dei år.


For ikkje å snakke om utalet med glitrekostymer, kondomdrakter, voldsomme hoftevrikk og vindmaskin-overdosene som har ikkje berre heva eit par augebryn - men ofte utløyst heller alvorlege kniseanfall med fare for krampelatter hjå underteikna etter å ha svitsja innom fenomenet i mangel på anna dugande underhaldning.


Kvifor har vi døypt det om til Melodi Grand Prix, eigentleg? Eurovision Song Contest er da ikkje mindre norsk enn Melodi Grand Prix. Noreg er verdsmeistrar i å oversetje bok- film- og programtitlar til dei mest søkte titlane, og gjerne der det er høgst unødig.


Glitter&Glam-kritikk til side, Aleksander Rybak vann overlegent i gårkveld, og det må seiast at det var velfortent. Allslags brunkrembelagte hoftevrikkande kondomkledde greske gudar og annaslags vindmaskin-misbrukarar hadde ikkje ein sjans mot ein allereie etablert landeplage - med dei søtaste augene som nokon gong har stirra inn i ei kontaktsøkande kameralinse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Har du ei meining om dette?