I sommar var eg på Malakoff Rockfestival, men eg kom aldri så langt at eg blogga om det i akseptabel ettertid. Såh. Her kjem artikkelen om det som ligg publisert på Yber.no :)
Malakoff Rockfestival hadde publikumsrekord, masse feit musikk og reine utedo!
Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid i år kunne ikkje ha vore ein større suksess. Publikumsrekorden på heile 11 000 besøkarar er eit historisk tal for den seks år gamle festivalen. Sjølve festivalcampen måtte utvidast kontinuerleg på grunn av dei store mengdene festivalklare ungdommar som strømte til utan stans utover dei to dagane festivalen føregjekk. Det er kanskje ikkje så rart - for festivalen som har som mål å auke interessa for norsk rock og samle ungdommar, studentar og vaksne i regionen, raff dei fleste øyrer og hjarter med å booke nokre av dei største namna som er i vinden i norsk rock i dag.
Eitt av dei største trekkplastera i år var dei evigpopulære rytmekongane Kaizers Orchestra. Gutta i Kaizers sluttar aldri å engasjere med det råe og energiske uttrykket sitt, og syng på kanskje den mest karakteristiske dialekta i Noreg, "Jærsk". Tommy Tokyo, Silver og Superfamily var nokre av dei som stod for ei verdig oppvarming for gutta i Kaizers, som frå første tone sendte skjelvingar ned buksene og sveittedråpar ut av pannene til elleville publikummarar.Dei dengte laust på oljefat, vokalisten kasta skjorta, og ville, glade festivaldeltakarar fekk verkeleg kjørt seg sidan det faktisk kkje går an å stå stille under ein Kaizers-konsert. Det må nemnast at vokalist Janove Ottesten går under kategorien "meget, meget heit", og kombinasjonen med å vere heit, dyktig, og å framføre så vanvittig engasjerande musikk er ei bombesikker oppskrift på ein suksessfull konsert - i alle fall frå ein kvinneleg, lettantenneleg fan sitt perspektiv.
Det kan trygt seiast at Malakoff formidla høgdepunkt etter høgdepunkt - og eitt av dei største høgdepunkta varte i ganske nøyaktig éin time, då jentene i Katzenjammer sendte ut spark etter spark i ræva på konvensjonell popmusikk. Det kan brukast så mange adjektiv på musikken til dette bandet at eitt, to eller tre faktisk ikkje på langt nær strekk til. Jentene sjonglerar på opptil femten forskjellige instrument, og byttar på rollene etter kvar song. I tillegg til å framføre så perfekte harmoniar at verda rundt freistar å stoppe opp ei stund, for deretter å rotere raskt og hardt i neste augeblink, er det ei like stor fryd for auget som det er for øyret på Katzenjammer-konsert. Jentene er så engasjerte at det er umogleg å stå stille og berre høyre på.
Det har blitt skrive om Katzenjammer tidlegare på Yber - og det er ikkje til å stikke under ein stol at underteikna kan skryte på seg å vere ein av deira aller største fan. Dette blei kanskje bekrefta under Malakoff - sidan det upartiske journalist-trynet trygt måtte leggast på hylla, og det freista mykje meir å stå på fremste rad og hoppe og hyle til dette herlege ensemblet.
Eva and the Heartmakers, Motörhead, El Caco og Ulf Lundell serverte variert musikk som perler på ei snor, etterfulgt av det største trekkplasteret etter publikumstalet å dømme - nemleg Turboneger. Blant publikummarane var det stor oppslutning frå den trufaste fanskaren Turbojugend - og Turboneger innfridde forventningane. Turboneger hadde ein god dag, og etter søndagstryna som var å sjå dagen derpå å dømme, hadde dei fleste andre også ein svært god dag.
Hygiene, ja takk
Malakoff har klart å skape eit konsept med stor suksess, og det er ikkje berre lokale som tek turen til lille Nordfjordeid denne helga i juli. I nabotelta på campen kunne ein høyre alle slags dialekter, noko som vitnar om at det har gått gjetord om festivalen utover regionsgrensa.
Malakoff skal ha skryt for hygienerutinene angåande reinsligheita på utedoa på festivalområdet. Utedoa på campen er eit anna kapittel - men det skal vi sjå vekk i frå denne gong. Leiinga har lova forbetringar på det området seinare. Inne på fetivalområdet var dokøa lang - og i køa kunne ein skimte ein og anna frivillig person - angiveleg ikkje tissetrengde - med raude vestar, jif og papir i handa. Resultat - reine utedo. Godt jobba, og takk for ei god festivaloppleving.Sjekk ut bildegalleriet for å få ein liten smak på korleis det er å vere på Malakoff - den lille, lokale festivalen som stadig overraskar med feite musikkopplevingar, relativt reine utedo og som garanterar god festivaloppleving.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Har du ei meining om dette?