Viser innlegg med etiketten Harajuku. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Harajuku. Vis alle innlegg

mandag 3. oktober 2011

Japanconvention i Oslo/bilete

..Tilfeldigvis var det Japan/animé/nerdeconvention/-samling akkurat når eg befann meg i hovudstaden. Eg var (diverre) ikkje der sjølv, men knipsa nokre bilete av alle dei japaninspirerte kostymene som vandra rundt i Oslo.

Utruleg artig.



Kvifor visste eg ikkje om dette? Eg hadde seriøst - i alle fall i eit sekund eller to - vurdert å melde meg på.





Ah. Oslo, altså.

Fleire bilete kan du sjå i Flickr-feeden øverst til høgre ->

fredag 7. mai 2010

TOKYO /heftig

Tokyo. Er det ein by i verda eg skal tilbake til i løpet av dette livet så er det Tokyo. Om det er verdas største by eller nest største er ikkje så viktig, den er i alle fall diger nok, og den husar dei merkelegaste fenomen, dei kulaste butikkane, dei største kryssa, dei mest tettpakka toga, og tenk: eit japansk pensjonistkor som syng folketonar på NYNORSK. Og robotar.

I Tokyo så var vi på teknologisk museum der vi fekk sjå ein verkeleg hi-tech robot ved namn "Asimo" in action. Han kunne springe og sparke fotball. Vi gjekk over krysset kjent frå Lost in Translation. Vi shoppa i sjølvaste Harajuku. Vi var på French Maid-café der servitrisene var utkledde som french maid for å oppfylle dei våte draumane til japanske nerdemenn som ikkje får kvinneleg merksemd ellers i livet. Vi var i Tokyo Tower som er 333 meter høgt. Vi var på iskrem-butikk som hadde is med alt frå lavendelsmak til oksetungesmak. Og.. Eg var på GHIBLI-MUSEUMET! Eg møtte sjølvaste Totoro! Oh lykke! Sjå sjå:












Sakn..

søndag 28. februar 2010

Harajuku girls

Ahh, Japansk gatemote! Kawaii! Noko av det mest fascinerande som finst! Eg og Lina kledde oss ut som Harajuku girls til H-festen på Rokken, og saman med Hulken, eit par hippiar, Hello Kitty og ein hest var vi to av ganske få som faktisk hadde kledd oss denne kvelden. Å kle seg ut er noko av det kjekkaste eg veit, og kjolen eg hadde på meg er faktisk kjøpt i sjølvaste Harajuku i Tokyo, tenk! Hatten og Hello Kitty-munnbindet er forsåvidt også kjøpt i Japan då eg var der i haust.






mandag 2. november 2009

Eg er i Japan.


Tenk det, då! Eg er i Japan og eg har det forresten fantastisk. Japan er teknologihovudstaden i verda, men trass det har eg svært vanskeleg for å kome meg på nett i dette landet, og eg er utilgjengeleg på telefon. Såeh. Her er i alle fall eit livsteikn. Eg sit på Shinjuku Washington Hotel midt i Tokyo, etter å ha vore på den norske ambassaden og høyrt på eit japansk pensjonistkor synge nynorske folketonar. Eg har vore i Hiroshima, kjøpt meg kimono og sett Geisha i Kyoto, og no står Tokyo for alt det er verdt på programmet framover. Gler meg til å møte EKTE Harajuku-jenter!:D

Her er ein liten smakebit av TOKYOOO!


Sjølvaste Harajuku-handlegata!


Hello Kitty-butikk


Mount Fuji!