fredag 7. mai 2010

TOKYO /heftig

Tokyo. Er det ein by i verda eg skal tilbake til i løpet av dette livet så er det Tokyo. Om det er verdas største by eller nest største er ikkje så viktig, den er i alle fall diger nok, og den husar dei merkelegaste fenomen, dei kulaste butikkane, dei største kryssa, dei mest tettpakka toga, og tenk: eit japansk pensjonistkor som syng folketonar på NYNORSK. Og robotar.

I Tokyo så var vi på teknologisk museum der vi fekk sjå ein verkeleg hi-tech robot ved namn "Asimo" in action. Han kunne springe og sparke fotball. Vi gjekk over krysset kjent frå Lost in Translation. Vi shoppa i sjølvaste Harajuku. Vi var på French Maid-café der servitrisene var utkledde som french maid for å oppfylle dei våte draumane til japanske nerdemenn som ikkje får kvinneleg merksemd ellers i livet. Vi var i Tokyo Tower som er 333 meter høgt. Vi var på iskrem-butikk som hadde is med alt frå lavendelsmak til oksetungesmak. Og.. Eg var på GHIBLI-MUSEUMET! Eg møtte sjølvaste Totoro! Oh lykke! Sjå sjå:












Sakn..

3 kommentarar:

Har du ei meining om dette?