fredag 7. mai 2010

KYOTO /vakkert

Som eg nevnte i førre innlegg så fekk eg ei bølgje av sakn etter Japan her om dagen, og eg bestemte meg for å dokumentere turen dit i haust litt meir enn eg har gjort. Dessutan så syns eg det er så synd at eg må bla så langt bak i bloggen for å lese om det, og eg blir alltid like skuffa når eg ser kor lite eg fekk tid å skrive om det. Det var mykje som skjedde på den tida, det var hektisk og internett var stort sett fråverande. Men stopp nr 2 etter Hiroshima var uansett altså Kyoto, gamle hovudstaden i Japan. Her fekk vi sjansen til å kike på ekte Geisha som vasa runt i gatene med fancy kimonoar og vanskelege sko, vi var på tempelsafari og kosa oss mase i den vakre byen. Vi budde på eit tradisjonelt japansk hotell der vi sov på golvet, og det var eit sånt herleg bad der også. Det er (diverre) ikkje dokumentert i bilete, sidan kle var forbudt i dei offentlege bassenga. Merkeleg oppleving å hoppe splitter naken uti eit basseng og site der å koke saman med ørten andre japanske damer i alle storleikar og fasongar, men vi blei etterkvart varme i trøya, og det å vere naken blei etterkvart ganske befriande! Her kjem då nokre bilete frå alt det andre vi gjorde i Kyoto.. ^^







2 kommentarer:

Har du ei meining om dette?