tirsdag 6. oktober 2009

Bumerang-maling på North Stradbroke Island


North Stradbroke Island er ei sand-øy rett utanfor Brisbane sin kyst. Den er visstnok ein av dei største sand-øyane i verda, og har ein rik aboriginsk kultur.

Ein fergetur frå Brisbane ligg den 38 kilometer lange øya North Stradbroke Island. Øya har vore bebudd av aboriginarar i heile 40 000 år, og for om lag 200 år sidan blei øya, i likheit med resten av Australia, invadert/busett av europearar.


Øya har vore brukt som mykje rart opp gjennom åra. Den blei brukt som fangeleir for dei britiske fangane som blei sendt til Australia, som katolsk misjonsstasjon for aboriginarar som skulle ”kvitmalast”, og som ein institusjon for eldre og funksjonshemma. I nyare tid har øya blitt til ein turistdestinasjon, og som turistar på øya fekk vi oppleve litt av den aboriginske kulturen som har eksistert så lenge her.



Didgeridoo - ein manneting?
To aboriginske stammar har sine røter på North Stradbroke Island, Noonuccal-stammen og Goenpuls-stammen. Matt er ein mann med aboriginske røtter, og han spelte Didgeridoo for oss. Det er berre menn som får lov til å spele Didgeridoo – sjølv om det var kvinnene som oppfant det. Kortversjonen av den historia er at kvinnene oppfant eit fantastisk instrument, og mennene blei misunnelege. Dei gjekk til ein Eldre leiar i stammen, som sjølvsagt var mann, og sa: Kvifor skal kvinnene ha eit så flott instrument, og vi har ingenting? Den eldre mannen tok sjølvsagt del i den misunninga, og kasta ein forbannelse over Didgeridooen, som gjer at alle kvinner som spelar på didgeridoo blir ufruktbare.


Vi fekk lov til å male vår eigen bumerang, og gjere eit forsøk på å kaste den. I teorien skal bumerangen kome tilbake, men det såg eg ingenting av så det må vere feil (..). Som du ser, fekk vi også ansiktsmaling. Etter aboriginsk tradisjon blir ein mala etter rang i gruppa. Vår ansiktsmaling er ein Stingray, så alt eg kan seie, i og med at vi faktisk ikkje er aboriginarar ein gong, er at Stingray må vere laangt ned på rangsstigen i systemet deira..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Har du ei meining om dette?