torsdag 22. oktober 2009

I heart Sydney


Sydney er ein av dei nydeligaste byane eg har vore i til no. Klimaet er herleg, det er sol, varmt og deilig, med ein lett bris som gjer at det er godt å ha ei lita tynn jakke utapå sommarantrekket. Pengane forsvann raskare enn eg hadde planlagt, men HALLO, shopping er ei nødvendigheit når ein er i eit shoppingparadis som Sydney, altså. For the record, så kjøpte eg meg ein kjole til femti kroner, og den er til og med brukande. Eg er ei ukrona salgsdronning, berre spør mine medsamansvorne her Down Under.

Det obligatoriske Operahus-biletet sett frå Sydney Harbour Bridge


Chai tea Latte er herved min nye favoritt-kaffi, og den beste er å finne på Gloria Jean Coffee. Drit i Starbucks, Ja til Gloria Jean i Norge!

Sydney er eit kulturparadis, og traff verkeleg det handlegalne, eventyrlystne, kultursvoltne og kaffi-elskande hjartet mitt. Andre som traff hjartet mitt var Alf Stewart, men det har eg allereie skrytt av i forrige innlegg! Eg har aldri blitt så satt ut av å møte ein kjendis før, det må eg ærleg innrømme. Det er litt større å møte sjølvaste Alf'en enn å møte Tore på sporet, då!

Sydney Harbour Bridge i solnedgangen




Vi var på Imax 3D-kino, på dukketeater på Operahuset og såg musikalen Wicked på Capitol Theater. Eg har fått fugleperspektiv over Sydney ved å stige opp i Sydney tower, og fått manikyr og pedikyr av ein ultrafeminin kinesarmann i Chinatown. Har også klipt meg med ein stylist ved navn Guiseppe. Mykje finfjomsing og mange gode opplevingar med andre ord! Gawd I love Sydney..


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Har du ei meining om dette?