søndag 27. september 2009

Backpacker-paradiset Byron Bay

Denne helga tok vi oss ein jentetur til Byron Bay. Vi budde på "Backpacker's inn", eit hostell skreddarsydd for ungdommar som bur i ein ryggsekk og likar den gode blandinga av avslapping og full fres. Eit par-tredve steg unna låg stranda, som vi berre delte med eitpar surfarar og nokre solsleikarar. Vi slapp med andre ord å klatre over hærskarar med turistar for å komme oss frå strand til vatn, noko vi nordmenn med sydenerfaringar sett uendeleg stor pris på.


Det var jentekveld på uteplassen Cheeky Monkeys!


På Yber.no kan du lese historia om den daude piggefisken vi møtte på.


Iselin klarte ikkje å ete opp pizzaen sin, så ho fekk ein doggybag forma som ein svane.

1 kommentar:

  1. Kos dåkke vidare, her e det regn, regn og atter regn.. med litt haggelbyger innimyllå, kaldt og snøv longt ned i fjella. Som du forstår e vi veldig opptatt av været:) Men kosar oss med å lese bloggar...hels dei andre. Ser ut som dåkke he det heilt topp.
    Klem fra alle her heime :)

    SvarSlett

Har du ei meining om dette?