
For å vere Kawaii skal jenter helst sjå ut som dei er 8 år gamle, noko som ikkje nødvendigvis er noko vanskeleg oppgåve for japanske jenter, det må seiast at det kan vere vanskeleg å sjå forskjell på ein 13-åring og ein 30-åring til tider. Det er berre å ha på seg skuleuniform med søte knestrømper, musefletter og rosa neglelakk, det. Japanske småjenter er utsette for ei svært omfattande seksualisering. Ein ting som sjokkerte meg ein gong då eg rota gjennom ei dvd-hylle i ein butikk i Tokyo, var resultatet av at Kawaii-kulturen som gjennomsyrer det japanske samfunnet også er svært innprenta i pornobransjen. Dette er jo sjølvsagt logisk, men det kan ha grusomme konsekvensar for dei jentene som faktisk ER svært unge, og ikkje berre prøvar å sjå sånn ut.

Eg oppsøkte ikkje pornobransjen, lat det vere sagt, men det var vanskeleg å unngå: pornofilmar på pornofilmar på veggane - ikkje eingong på øverste hylle - og jentene på framsida av covera såg ikkje ut til å vere eldre enn 8-10 år gamle. Eg blei kvalm. Barneporno kan då ikkje vere lovleg i Japan, vel? Det er i allefall ikkje ein særleg diskrét subkultur. Det er visstnok meir enn nok allment akseptert for voksne, eldre og gamle menn å tenne på småjenter - det har nok samanheng med at asiatiske kvinner rett og slett ser svært unge ut, men kva med dei som faktisk ER så unge?

Kawaii er søtt, eg elskar at Hello Kitty er maskoten til heile Japan, at alt frå trafikketater til politistasjonane i japan har eigne, søte logofigurar, men det grensar til kvalmt når ein kikar djupare innpå Kawaii-kulturen og oppdagar at ein aldri kan vite om det er ein utruleg søt 20-åring eller ein mishandla 8-åring som er å finne på snuskete DVD-cover.
Lat oss ta ein liten titt på ein Japansk popvideo. Ganske uskuldeg. Kor gamle trur du desse jentene er? I følgje ein kommentar på sida er videoen mest populær blant jenter 13-17 OG menn 35-54.

jeg klarer ikke helt å danne meg en mening om det er søtt eller ekkelt. complete kulturkræsj. hvis voksne menn har hello kitty i senga, liker jeg å være naiv nok til å tro at de kun har en ikke-seksuell interesse innenfor hele greia.
SvarSlett