Welcome to Japan sto det på plakatane på Narita Airport. Velkomne var vi nok, men denne plakaten var so å seie det første og siste møtet med engelsk i løpet av Japan-opphaldet vårt. Det første som må kommenterast når det gjeld Japan, er at engelsk-kunnskapar er mangelvare nummer èin, noko som skulle vise seg å gjere opphaldet vårt her til litt av ei utfordring. Det hjalp heller ikkje på at kroppspråk og teikn som det å peike retningar, indikere ja/nei og andre enkle signal tydelegvis er heilt forskjellige også. Heldigvis kunne denne kjekke mannen hjelpe oss eit steg vidare på reisa:

Etter at denne flotte mannen samla saueflokken og sendte oss avgarde i ein buss til Tokyo, byrja kaoset. Tokyo er forresten eit stort kaos, men eit herleg eit. Etter ei natt i Tokyo skulle vi ta oss fram til Hiroshima via tog, avstanden tilsvarar Oslo-Bodø og var unnagjort på 5-6 timar. Det å skaffe seg billett når ein ikkje kan japansk var utfordring nr to etter å fine minibank som aksepterte utanlandske kort.
Heldigvis har eg kjøpt meg ein cd som heiter "Rapid japanese" som eg har lagt inn på iPoden min. Det er lydspor med japanske fraser som skal hjelpe meg i både vanskelege og daglegdagse situasjonar. Er ikkje det fornuftig, vel?
I Hiroshima fekk vi oppleve noko eg vil kalle det perfekte haustver. Kaldt i lufta, men strålande sol. Etter to månader i subtropiske Australia resulterte dette plutselege haustveret sjølvsagt i massiv haust-tilbehør-shopping - Vi kunne jo ikkje gå rundt i bikini, sumarkjolar og sandalar og risikere å få svinå, vel? (Mitt forsvarsargument til massiv pengebruk - haldbart nok).
Hiroshima er ein av verdas mest berømte byar, og det er ikkje berre på grunn av det herlege veret. 6 august 1945 klokka 08.10 slapp USA ei atombombe over Hiroshima, og heile byen blei utsletta på få minutt. Per i dag er byen hundre prosent oppbygd - for det blotte auget ser det ikkje ut som at noko slikt nokon gong har skjedd her. Men smakar ein litt på stemninga i byen så merkar ein fort at atombomba og reaksjonane mot den pregar atmosfæra i Hiroshima til dei grader. Alle i Hiroshima har eit forhold til atombomba, og alle i Hiroshima ber på eit sterkt ønske om fred i verda slik at ingen andre skal måtte oppleve det folket i Hiroshima har opplevd.
Hiroshima Peace Memorial Museum er eit museum dedikert til atombomba, og inneheld alt frå fakta om kva som skjedde, omfanget av skadane og antal døde og skada, til restar av kle, hud, hår, sterke bilete og andre bevis på alle dei tragiske skjebnene som følge av atombomba.
Besøket i Hiroshima er noko av det sterkaste eg har opplevd, og ein av grunnane til det var foredraget vi fekk høyre. Ein av dei overlevande frå atombombinga i 1945 stilte opp for første gong framfor folk for å fortelje si historie. Ho var 13 år då bomba small, og ho fortalte i detalj alt det grusomme ho såg og opplevde den dagen, og alt det grusomme som har skjedd i etterkant som følge av bomba. Ho beskreiv 6. august 1945 som helvete. Smelta kroppar, smertehyl, død, fordervelse, øydeleggelse, fortviling og alt som høyrer beskrivinga av helvete til..

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Har du ei meining om dette?