onsdag 20. januar 2010

Skal eg lære svensk også, no då?

Eg har hatt munnleg eksamen i Austral-Asia-kulturstudium, og som belønning til meg sjølv fordelte eg min velfortjente, nøye planlagde Prison Break-maraton over to dagar. Å få karakteren A er definintivt inspirerande til å vere kjempeflink på skule og byrje tidleg å jobbe med både informasjonsfaget, medievitskap og EU-studiumet, men før eg skulle sette i gong tillot eg meg å slå rot i sofaen og sikle litt på fantastiske utbrytarkongen Michael Scofield i aksjon i Panama. Det gjorde godt. Godt godt godt. No må eg berre få tak i sesong 4 så er Prison Break-samlinga mi komplett og eg kan leite fram Michael når som helst dersom eg skulle kome til å føle for å belønne meg sjølv for noko igjen.

I skrivande stund sit eg på høgskulebiblioteket og har lagt bak meg nokre-og-førti sider i den svenske hovudpensumboka i infofaget, ”Tillämpad kommunikationsvetenskap” (Larsson, Larsåke, 2005). Jada, det er ei god bok. Den er nok svært nyttig for informatørar og andre interesserte i fagfeltet. Men kvifor har ingen tenkt den fagrelaterte tanken om å faktisk oversette boka til norsk?

I dei fleste kommunikasjonsmodellar tek ein høgde for informasjon som forsvinn i oversetjing og støy. I dette tilfellet er det ei overhengande fare for at viktig informasjon og naudsynte fagutrykk ligg gjømt inn i uforståelege svenske ord som faktisk ikkje er å finne i ordbøkene ein gong. Det meste let seg jo oversette i ordbøkene, men dette er ein tidskonsumerande måte å studere på.

Eg vil lære informasjon og kommunikasjon, og har ikkje akkurat beregna tid til å lære svensk i same slengen! Eg tek faktisk tre fag i år – også. Har meldt meg opp til eksamen i medievitskap som eg egentleg ikkje skal ha før neste semester, for å få det unnagjort liksom, og eg har vore så ambisiøs at eg har meldt meg opp til eit EU-studium i tillegg. Eg lurer på kva som må vike for dette tidskonsumerande svenskeproblemet til slutt, for eg luktar at ikkje alt kjem til å la seg gjere til tross for ambisjonane mine om å klare det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Har du ei meining om dette?