tirsdag 13. april 2010

Så dumt

Det eg vil dele med verda i dag er at eg har rydda i klesskapet mitt, og omarrangert klesstativet. Det kvalifiserer kanskje ikkje til noko pris for årets nyhende, men denne bloggen handlar jo ikkje om ting som verda eigentleg vil høyre om. Men dette er jo heller ikkje noko nytt. Kor mange millionar bloggar finst det vel der ute som handlar om ting folk eigentleg ikkje vil høyre om? Og kor mange av dei finst ikkje pokker meg på topplista over mest leste bloggar? Verda er gal og dum. Folk er galne og dumme.

Folk vil høyre om slike ting, verda vil lese ting som ikkje er verdt å lese. Vi vil sjå kva femtenårige jenter skal ha på seg neste dag. Vi vil sjå dumme, ubetydelege silikontroll og ekle pappagutar ha sex på eit hotellrom i Mexico. Vi drit i at USA og Russland nedrustar atomlagra sine, vi vil sjå puppar og svenske hollywoodfruer. Dukkar ordet pupp eller bilder av det eller liknande opp på VG Nett – då må det klikkast på. Puppar altså. Eller andre kroppsdelar som appelerer til primaten i oss som blir trigga av ord som pupp, sex og.. vel, kanskje ikkje tisselur. Det er eigentleg eit dårleg triggerord. Eg hadde nok trykt på det om det stod ordet ”tisselur” i ei VG-overskrift da. Men det er vel eigentleg av andre grunnar. Kor morsomt hadde det ikkje vore om ”tisselur” dukka opp i ei VG-overskrift? Men sånn ellers, for å ha det på det reine, så har ikkje eg personleg noko behov for å få ein tisselur i trynet når eg scrollar gjennom VG Nett. Kremt.

Håper eg nådde ut til folk med dette prakteksemplaret på ei dum oppdatering av noko så ubetydeleg som eit klesskap. Eg er overbevist over at nokon der ute fann det svært interessant. Takk for meg.

6 kommentarer:

  1. haha, ej med vil trykke på tisselur :p

    SvarSlett
  2. Hehe...kor artig du skrive, Susanne!! Fliiira...
    Og du he so rett, so rett...

    SvarSlett
  3. Tisselur *fnis*

    Dessuten e det deilig å lese om "meiningslause" og banale kvardagsting, må tross alt ha nåke som utligna alle dei trasige nyheitene og som fe oss til å føle at verden kanskje ikkje e so gal og forferdelig som en kan få inntrykk ta av og til.

    Men når ej tenke mej om so e vel ikkje rydding av klesskap en kvardagsting, meir som en millenniumsevent eller en naturlig konsekvens tilknytta flytting i mitt tilfelle..

    Klesskaprydding skal visst uansett vere veldig rensande for sjela, so no he du det sikkert uforskamma godt med dej sjøl ;)

    SvarSlett
  4. Ej me he faktisk rydda klesskapet mitt i dag!

    va nesten so ej sku sakt det sjøl..

    SvarSlett

Har du ei meining om dette?