Dessverre valgte jordas indre å spy akkurat då.
Så her sit eg med ein halvpakka koffert, ”askefast” som dei kallar det i media. Eg har ikkje hjarte til å pakke den ut enno, men ser ikkje vitsen i å pakke den ferdig heller, så den kjem til å ligge der litt sånn halvferdig og håne meg i ei lita stund til.
Er det karma?
Ein skulle tru at moder jord straffar meg for at eg forpesta miljøet med mine utallige flyturar i fjor. ”Håneidu, du skal ikkje forpeste meg meir, no tek eg saka i eigne hender” er det ho fortel meg. Heilt sikkert.
I familieselskap heromdagen (desse familieselskapa vi alltid har veitdu, det står om det i tidlegare innlegg) så kom vi fram til at ein blogg aldri døyr. Eg kjem ikkje til å stå opp frå dei døde om åtti år og slette bloggen min, og eg gir ikkje vekk passordet mitt slik at eventuelle andre skal slette den for meg. Den får vere den eine tingen som gjer meg udødeleg om ingenting anna gjer det. Men eg skal nok prøve å kome på noko anna lurt som gjer meg udødeleg også, vent og sjå.
Så uansett, dette er ei helsing til tipptipptippoldeborna mine som måtte velje å drive slektsgransking i framtida: Eg håper de slepp å bruke like mange stygge ord i same setning som ordet vulkan som eg har gjort siste dagane. Eg tenkjer det at vi har klart å øydeleggje miljøet for dykk lenge før moder jord klarer å finish the job. Håpar ikkje det da, men det spøkar for det slik det ser ut no.
Prøv gjerne å få kontakt med meg dersom de nokongong klarer å finne opp ein teleportør! OK? Det vil eg gjerne vite om, uansett kor eg befinn meg – reinkarnert, i himmelen, helvete, fastkjørt i grøfta før skjærsilden eller som ei rosa sky over vallahornet. Leit fram eit ouijibrett og ta kontakt.
(Og så håper eg at de forstår det eg skriv, at eg og etterkomarane mine har meistra å vidareføre nynorsken til dykk. )
I framtida så treng de vel ikkje å sminke dykk, dei har vel funne opp ei programvare som gjer at de kan photoshoppe tryna dykkar før de skal utfor døra, men her kan de i alle fall sjå eit lite utvalg av den sminka eg hadde leita fram for å pakke ned til turen det ikkje blei noko av. Så har vi eit illustrasjonsbilete til dette innlegget, om enn dumt. *smiley*

ej tømte kofferten ej. fann ut at d blei for trist å sjå den bare stå der... kjente ej blei litt trist når ej las ditte åsså:/
SvarSletthehe, bra skreve Susie Q!
SvarSlettArg, moder jord!
*le*
SvarSlettsyns ej ser før mej både d eine å d andre.
tilåme teleportøren! ;)
Hehe.. Oldebarna dine he sikkert aldri våre "askefast". Så då kan du i det minste være litt unik;)
SvarSlettModer jord e ei hardcore bitch ja!
SvarSlettMen ekje dokke einige i at dei burde ta tak i ditta med teleportør snart? So sleppe dei å skrive inn "askefast/oskefast" i ordboka - for det ekje eit tema når ein kan teleportere seg dit ein vil uavhengig av aske og andre forstyrrande element!
Ej he trua. Heldige oldebarn som kan ta en Chai Latte i Sydney på formiddagen, en sykkeltur i Amsterdam og en tempelsafari i Kambodsja etterpå, og avslutte det heile med en Creme Brulêe i Paris seinare på kvelden!