fredag 7. mai 2010

Fail

Eg leita og leita. Eg løfta på alt eg fann, rota gjennom skuffer og skap, endevendte leilegheita. Eg stoppa opp og tenkte "Kvar brukte eg den sist?" Tenkte og tenkte i mens eg nesten raserte bupælen min i jakta. Brukte lang, lang tid. Men så! Endeleg! Der låg den, blyantkvessaren! Under kanten på golvteppet, for ein dum plass å miste ein blyantkvessar. så lukkeleg eg var! Pulsen senka seg og blodproppen var utsett til neste gong.

Så kom eg på at det var nøklane mine eg leitte etter.
/fail

...

2 kommentarer:

  1. Haha :p fant du dei også til slutt då?

    SvarSlett
  2. Når ej kom på at de va dei ej leitte etter so oppdaga ej at dei låg rett framfor nasa mi heile tida:p

    SvarSlett

Har du ei meining om dette?