fredag 7. mai 2010

HIROSHIMA /sterkt

Eg lengtar så fælt tilbake til Japan! For nokre dagar sidan gjekk den japanske animasjonsfilmen Grave of the fireflies på TV, som handlar om bombinga av Hiroshima, så plutseleg skein sola her i Volda, og då var det gjort. Sukiyaki-song gjalla i øyrene mine, og atter ein gong sette eg meg ned og kika på alle bileta frå turen, og eg byrja å granske hovudet og internettet etter måtar å kome meg tilbake til verdas mest fascinerande land på.

Når eg bladar bakover i bloggen (eller trykker på den fine tag-knappen "Japan" i menyen her) så innser eg at Japanturen er altfor dårleg dokumentert her på bloggen. Det er ikkje så rart sidan internett var mangelvare då vi var der, men eg har i alle fall samla opp nokre bilete her om du er interessert i å sjå. Nokre er mine og nokre har eg henta frå reisekompanjongane mine sin facebook.

Første stopp då eg var i Japan i oktober var Hiroshima. Vi tok tog frå Tokyo, og blei utruleg godt mottekne av "Lappy Club" som er ein slags organisasjon som tok oss i mot. Vi var på Hiroshima Memorial Museum (Les innlegget Hiroshima - på godt og vondt), på tur til Miyajima-tempelet, offentleg naken-badeanstalt og heile opphaldet i Hiroshima var heilt fantastisk, spennande, fascinerande, sterkt og lærerikt. Vi hadde også workshop der vi lærte litt origami, hadde te-seremoni og prøvde kimonoar. Det heile blei avslutta med ein festmiddag med tempura, sake, sushi og alt som høyrer til. Åhh for ein fin tur..

Her er eit lite utval av bilete frå vakre Hiroshima og Miyajima Island..








4 kommentarer:

  1. Hiroshima <3 We will return to Japan one day!

    SvarSlett
  2. Jepp! Ej skal tilbake når Sakura-treda blomstra, det e ca i mars, og det e då ej he bursdag, so den store draumen e å feire bursdag under eit stort, nydelig, rosa kirsebærtre:)

    SvarSlett
  3. Og så må vi tilbake til Tengyo!

    SvarSlett
  4. seff, or something like that :p

    SvarSlett

Har du ei meining om dette?