Eg har rømt frå Ørsta. Igjen. Destinasjon Trondheim denne gongen. På fredag er det landsmønstring, og eg har den ærefulle oppgåva å vere tekstansvarleg i nettredaksjonen, i tillegg til at eg skal plukke ut dei beste nettredaksjonsartiklane for å publisere dei på Yber.no. Landsmønstringa er alltid ei kjempeoppleving, med masse kjekke folk, liv og røre overalt, mykje å gjere og fryd og gammen. Før det brakar laust går no dagane med på å rigge, rydde, flytte, bære og koble til alt som skal vere klart til fredag. I tillegg er eg så heldig å få oppleve masse gøy. Til dømes har vi kjørt Go-kart i dag. I forgårs spelte eg Risk for første gong, og eg vann. Oh. Yes. Eg tok ein kaffi og shoppa med Silje tidlegare i dag, og i tillegg til å sitte att med høgt adrenalin-nivå og nye kle, har vi vore så heldige å ha nydeleg vær! Kan det bli betre? Jepp. Denne helga blir best! Her kjem nokre bilete frå dagane som har gått.

Ser ut som du he hatt det strålande hittil i sommar Susanne.
SvarSlettKos dej vidare flinke jentå.