Eg har rømt frå Ørsta. Igjen. Destinasjon Trondheim denne gongen. På fredag er det landsmønstring, og eg har den ærefulle oppgåva å vere tekstansvarleg i nettredaksjonen, i tillegg til at eg skal plukke ut dei beste nettredaksjonsartiklane for å publisere dei på Yber.no. Landsmønstringa er alltid ei kjempeoppleving, med masse kjekke folk, liv og røre overalt, mykje å gjere og fryd og gammen. Før det brakar laust går no dagane med på å rigge, rydde, flytte, bære og koble til alt som skal vere klart til fredag. I tillegg er eg så heldig å få oppleve masse gøy. Til dømes har vi kjørt Go-kart i dag. I forgårs spelte eg Risk for første gong, og eg vann. Oh. Yes. Eg tok ein kaffi og shoppa med Silje tidlegare i dag, og i tillegg til å sitte att med høgt adrenalin-nivå og nye kle, har vi vore så heldige å ha nydeleg vær! Kan det bli betre? Jepp. Denne helga blir best! Her kjem nokre bilete frå dagane som har gått.
Viser innlegg med etiketten UKM. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten UKM. Vis alle innlegg
onsdag 17. juni 2009
mandag 30. mars 2009
UKM på Åndalsnes
Denne helga var det fylkesmønstring i Møre og Romsdal, og som Yberredaktør tok eg bussturen for å vere der og kjenne litt på den deilige UKM-pulsen, og henge med apekattane i nettredaksjonen. Nettredaksjonen arbeider hardt og lenge, og med fare for å overdrive ordspelmoglegheita her - flyttar fjell! 

Fekk også sjansen til å posere mellom fjella.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
