Eg rota gjennom bloggen min frå vidaregåande, som ja - finst framleis der ute i det store internettuniverset ein stad, og oppdaga at vgs-åra mine var ei tid der eg verkeleg hadde mykje å melde. Dette her brenn eg så sterkt for at eg rett og slett tek å legg ut innlegget mitt frå fjortande januar 2008 her inne også. Håper dette kan vere til inspirasjon for nokon, og/eller at eg kanskje til og med ertar på meg eit ekte amøbehaud av ein nynorskmotstandar. Eller to. Bring it on, seier eg berre.
" Skule-Noreg har eit problem. Eg snakkar ikkje som at elevane, lærarane og skulesystemet er for dårleg, sjølv om at dette spelar inn som ein faktor i problemet, og løysinga, eg no skal presentere.
Eg snakkar om det superkontroversielle problemet som alle elevar i den norske skulen føler på kroppen, nokre kvar dag, og nokre to gonger i året. Sidemål-striden. Skal det vere valfritt eller obligatorisk sidemål i skulen?
For å gjere ei lang, revolusjonerande historie kort, har forskjellige dialekter i Noreg eksistert like lenge som her har funnest folk, mens skriftspråket bokmål er basert på språket til dei som «eigde» Noreg i ei begrensa tidsperiode, nemleg danskane. Ivar Aasen tok på seg oppgåva med å samle ord og uttrykk frå det langstrakte land og forma det ekte, norske skriftspråket, som vi i dag kallar nynorsk.
Det føregår ein kamp. Nynorskbrukarane kjempar for å behalde identiteten sin, for å få lov å skrive det skriftspråket som ligg dialekta deira nærast, og for at fleirtalet, bokmålbrukarane, skal anerkjenne dette og hjelpe å halde språket, kulturen, identiteten og mangfaldet i live. Bokmålbrukarane kjemper ein kamp for at dei skal få sleppe å lære nynorsk, og dermed begrense jobbmoglegheiter, kunnskap og evner til å utvikle språkkunnskap ellers. Kvifor gjer dei dette?
Nynorskmotstandarane argumenterer jamt over ganske likt. «Nynorsk er vanskeleg å lære. Det er unødvendig. Vi får ikkje bruk for det.» Men er dette sant? Treng det verkeleg å vere slik? Skal vi kunne grine ut at matte er for vanskeleg, og så sleppe det?
Nynorskbrukarar har riktig nok ein fordel. Bokmål fins overalt. Skal vi på kino, lese blad, sjå på TV, lese på ei leverposteiboks eller i ei bruksrettleiing, er det 100.01% sjanse for at det står på bokmål. Skal nynorskbrukarar sette seg ned og skrive ein bokmålstil, er det berre å legge om hjerna og tenke slik dei snakkar på TV og i radio heile tida. Står ein fast i eit grammatikkspørsmål er det berre å sjå for seg ei leverposteiboks eller ei bruksrettleiing.
Valfritt sidemål. Ordet valfritt har i mange samanhengar ei positiv ladning, men i denne samanhengen får ordet meg til å grøsse. Dersom forslaget om å gjere sidemålsundervisninga i skulen valfri kjem gjennom, vil det få ei rekke negative konsekvensar. Kort sagt vil det verte valfritt sidemål for bokmålbrukarane, og obligatorisk og uunngåeleg sidemål for nynorskbrukarane. Bokmålbrukarane veljer det vekk, og nynorsk endar opp som eit delemne under kapittelet språkhistorie i norskboka. Bokmål vil fortsette å dominere alle flater det går an å skrive tekst på, og språkbiletet i Noreg vil verte svekka. Er dette verkeleg ein konsekvens dei lite samarbeidsvillige nynorskmotstandarane er villige til å gå med på?
I staden for å fjerne sidemålsundervisninga og drepe det siste håpet nynorskforkjemparane har att, finst det ei løysing for at begge partar skal vinne. Det må verte enklare å lære. Det må verte meir aktuelt. Undervisninga må betrast. Lærarar må kursast. Undervisninga må verte meir omfattande, ikkje mindre. Ikkje berre må det puggast grammatikk, nynorsk må slutte å bli behandla som eit utdatert fenomen, eit nødvendig onde og eit framandspråk. Og for all del, MEIR NYNORSK I MEDIA.
Nynorsk er eit høgst levande og viktig skriftspråk, og må bli behandla deretter. Kva om ein og annan statoilstasjon i Oslo byrja å setje opp reklameplakatane sine på nynorsk? Eller om dei vanskelegaste verbbøyingane plutseleg kan vere å lese på sida av bussar og trikkar? Nynorsken hadde fått meir spelerom, det hadde blitt enklare å lære, og problemet er løyst. "

Godt innlegg, men eg har eit endå meir kontroversielt forslag til løysing.
SvarSlettLa oss sjå på stoda:
Både bokmål og nynorsk er levande, utbreidde språk i Noreg. 8 % av bøker utgjevne på norske forlag er på nynorsk. Ein stor del av litteraturarva vår er på nynorsk. Mange brukar nynorsk kvar dag, store delar av det norske lovverket er på nynorsk. I dei fleste høve står alle i teorien fritt til å velje å bruke kva målform dei vil, men i praksis er mange låste til bokmål. Men det går oppover og framover med nynorsken, og det vert stadig lettare å velje nynorsk. Det går sakte, men pila peiker oppover. Mange statleg tilsette må i teorien vere like flinke i båe målformer, men treng det sjeldan.
Så kva er dei reelle behova?
- Alle i Noreg må kunne lese og forstå både bokmål og nynorsk
- Alle i Noreg må kunne uttrykkje seg godt på minst éi av målformene, men få _må_ kunne båe
- I dei fleste høve kan dei fleste velje å bruke kva målform dei vil
Altså må sidemålsundervisninga framleis vere obligatorisk. Ingen kan leve nokon stad i Noreg utan å møte på sidemålet sitt, anten det er bokmål eller nynorsk. Samstundes treng eit særs lite mindretal å kunne skrive like godt på båe målformer. For dei som ikkje treng det, kan det vere vanskeleg å skilje to så like språk frå kvarandre, og sidemålsundervisninga avlar nynorskhat. (Dette har eg skrive om i Si;D: http://www.aftenposten.no/meninger/sid/article3611794.ece)
Kristin Clemet fann på at alle norske skulebarn skulle vere like flinke i nynorsk som i bokmål etter endt skulegang. Eg meiner det er eit urealistisk og overambisiøst mål. Sidan både bokmål og nynorsk er offisielle språk i Noreg, seier det seg sjølv at ein skal kunne lære å skrive båe språk i offentleg skule, men det er ikkje noko reellt behov for å lære alle norske barn å skrive båe målformer.
Både Noregs Mållag og Norsk målungdom meiner framleis at alle skal lære både bokmål og nynorsk, men eg ønskjer debatt i målrørsla om dette.
I need help from anyone who is able to help me with just one word: tugboat in Nynorsk. I live in St. Louis, Missouri and don't have access to Nynorsk dictionaries.
SvarSlettThanks,
Valgard Jonsson
I'm also on Facebook
Vegard: Mange gode poeng der, ja. Viktig å ikkje vere for ambisiøs, men den store utfordringa er jo å få bokmålbrukarar som i tillegg er nynorskhatarar til å skjøne at det faktisk er naudsynt og til og med taktisk av dei å ha ei positiv innstilling til å lære det, og skjøne at dette er ein større debatt enn at dei skal få sleppe å hanskas med det to gonger i skuleåret på vidaregåande. Eg skjøner godt frustrasjonen deira når undervisningsopplegget er så dårlig som det er, og lærarane er like negativt innstilte som dei er. Hat avlar hat veitdu. Det er mykje å ta tak i!
SvarSlettValgard: I believe the word you are looking for is Taubåt, and it is the same in bokmål and nynorsk. Which indicates that the differences between our two written languages aren't really that big, and it shouldn't be too hard for anyone using bokmål to learn and understand nynorsk, and the other way around :)