fredag 17. juni 2011

Bachelorgrad: Check

Mine to månader som praktikant i FN-sambandet er over. Eg har publisert artiklar, reist på pressekonferansar, foredrag, debattar og filmframsyningar. Eg har delteke på møter og vore med på sosiale medier-turnus. Eg har drive pressearbeid. Omtrent alle lokalaviser i heile landet har høyrt denne i løpet av mars og april: "Hei, Susanne frå FN-sambandet her. Eg har eit tips til dykk.." og mange har bitt på.

Eg føler eg har fått brukt skriveinteressa mi til ei "god sak", FN-sambandet arbeider med viktige og interessante tema, og oppdraget med å informere Noregs befolking om FN og internasjonale spørsmål er verkeleg noko som har gitt meirsmak. Å skrive artiklar eg kan stå for, og å fremje tema eg brenn for og meiner er viktige, er eit privilegie som eg håper eg kan få gjere i framtidige jobbar også.

Nokre av artiklane eg har produsert kan du lese her

Som kommunikasjonsstudent prøvde eg å halde fokus på faglitteratur og profesjonsspørsmålet under praksisopphaldet, og valde å skrive bacheloroppgåva mi om strategi og samsvaring mellom verksemd og overordna mål. Eg brukte FN-sambandet som casestudium og samanlikna strategidokument med verksemda i praksis, noko som resulterte i eit svært Brukbart resultat på sensuren. (:

Eit praksisopphald, ei bacheloroppgåve og ein munnleg eksamen seinare, så var Susanne Myklebust Egset ferdig utdanna.

Hei, eg heiter Susanne, og eg har ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media.

mandag 21. februar 2011

Oslo-inntrykk /fn-praksis

Laurdag morgon forlot eg Volda for å ta til på to spanande månader med eksternpraksis gjennom PR-studiet. Eg befinn meg no i Oslo, denne forunderlige by som ingen forlet utan å ha fått merker av den. Her skal eg vere i to månader i praksis i FN-sambandet. Eg er så spent, og gler meg utruleg mykje til å ta til på ein spanande kvardag der eg får lære om og jobbe med FN-saker og å prøve ut kommunikasjonsyrket i praksis!

Her er minusgrader og eg er desorientert. Heldigvis har eg ei tjukk jakke og bur to kvartal frå arbeidsplassen. Det skal litt til å rote seg vekk til og frå jobb, og eg trur eg skal klare å behalde fingrar og tær.

Eg bur i ei leilegheit med godt innsyn i Utlenningsdirektoratet sine kontor. Laurdag var det ei dame der som jobba overtid til klokka 18:00. Eg trur ho såg at eg kika på ho. No kikar dei på meg her eg sit i vindauget og bloggar om at eg kikar på dei. Dei trur sikkert at eg er like produktiv som dei er, her eg sit med tekoppen og macen. Ikkje veit dei at eg skriv om dei. Kanskje like greitt.

Eg er spent. Ivrig. Nervøs. Gler meg til praksisstart i morgon. Gler meg til å møte nye folk og å oppleve kvardagen på ein stad der ein jobbar med så mange spanande tema. Gler meg på vegne av resten av klassa mi som også er i praksis.

Saknar mannen min. Gler meg til han kjem på besøk. Då skal eg ha blitt kjent i Oslo, og kanskje eg faktisk kan vise han rundt, og ikkje omvendt.

søndag 21. november 2010

Pirates /volda

Melodi: Kaptein Sabeltann

Me segla inn te Volda og så tok me beina fatt
Hadde høyrt eit rykte om ein fest i bakkane i natt
røvarar og øl
hattar, sverd og søl
Me tek det aldri roleg
Me søve når me dør

Hiv o hoi
festing natta long
no skal me kaste hemningar og fylle på med rom
Hiv o hoi
surt og kaldt og bratt
piratane i vinterkle
er ute no i natt







fredag 19. november 2010

New York /spontant

Reiste plutseleg på spontantur til New York. With Friends. Det var vanvittig artig. Såg det vi måtte sjå. Drakk Brooklyn Brew. Åt pannekaker til frukost. Var på Apple Store midt på natta. Såg musikal. Helste på Statue of Liberty. Kika på folk. Tok T-bana. Drakk kaffe. Kosa meg.