Laurdag morgon forlot eg Volda for å ta til på to spanande månader med eksternpraksis gjennom PR-studiet. Eg befinn meg no i Oslo, denne forunderlige by som ingen forlet utan å ha fått merker av den. Her skal eg vere i to månader i praksis i FN-sambandet. Eg er så spent, og gler meg utruleg mykje til å ta til på ein spanande kvardag der eg får lære om og jobbe med FN-saker og å prøve ut kommunikasjonsyrket i praksis!
Her er minusgrader og eg er desorientert. Heldigvis har eg ei tjukk jakke og bur to kvartal frå arbeidsplassen. Det skal litt til å rote seg vekk til og frå jobb, og eg trur eg skal klare å behalde fingrar og tær.
Eg bur i ei leilegheit med godt innsyn i Utlenningsdirektoratet sine kontor. Laurdag var det ei dame der som jobba overtid til klokka 18:00. Eg trur ho såg at eg kika på ho. No kikar dei på meg her eg sit i vindauget og bloggar om at eg kikar på dei. Dei trur sikkert at eg er like produktiv som dei er, her eg sit med tekoppen og macen. Ikkje veit dei at eg skriv om dei. Kanskje like greitt.
Eg er spent. Ivrig. Nervøs. Gler meg til praksisstart i morgon. Gler meg til å møte nye folk og å oppleve kvardagen på ein stad der ein jobbar med så mange spanande tema. Gler meg på vegne av resten av klassa mi som også er i praksis.
Saknar mannen min. Gler meg til han kjem på besøk. Då skal eg ha blitt kjent i Oslo, og kanskje eg faktisk kan vise han rundt, og ikkje omvendt.

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar
Har du ei meining om dette?