fredag 11. desember 2009

Asiarundreise

Det går ikkje an å beskrive Siem Reap i Kambodsja med ord. Bildegalleriet på YBER.no er verdt å stikke innom dersom du er nyskjerrig på kva eg har opplevd i Kambodsja. Det er eit fantastisk land, og Siem Reap er ein fargerik by. Turen til Angkor Wat var magisk, og eg har tatt mange gode bilder av munkar i forskjellige situasjonar:)

Etter å ha slappa av, sloss med delfinar og klappa apekattar på Bali reiste vi til Singapore for å overnatte der ei natt. Eg likte meg i Singapore, sjølv om eg ikkje fekk sjå anna enn vegen frå hotellet til seven-eleven så meinar eg på at eg kunne ha kosa meg i den byen dersom eg fekk tid til det. Etterpå var vi to dagar i Ho Chi Minh, og eg fekk endeleg sjå New Moon! Ikkje spør kva som gjekk gale i Australia så eg ikkje fekk sett den der - no har eg sett den og eg elska den. Det var ikkje irriterande eingong at den var teksta på vietnamesisk.

I Ho Chi Minh er det SJUk trafikk og vi måtte gå over vegen tre gongar på veg til kinoen - det vil seie at vi heldt på å døy tre gongar på veg til kinoen - og tilbake. Det er ein hektisk by og det er ikkje mykje plass for å ta hensyn.

Som du kan sjå i bildegalleriet var dei seks neste dagane i Kambodsja eigentleg magiske - eg likte meg vanvittig godt der.

Akkurat no sit eg i resepsjonen på Kim Hoa Resort på øya Phu Quoc utanfor Vietnam. Eg er i paradis! Vi bur i ein seaside-bungalow rett ved stranda (nydeleg strand også) - og vi får sjå ein nydeleg solnedgong kvar kveld i panoramaformat. Ein massasje kostar femten kroner og her er nesten ikkje turistar. Kan det bli betre? Nei det kan det faktisk ikkje. Dei siste dagane har eg tilbrakt på stranda for å gjere eit desperat sisteforsøk på å bli brun, eller i alle fall få litt tett med fregner, og imorgon har vi leigd ein båt for å besøke Paradise Island og snorkle ved korallrevet.

Det nermar seg snart heimreise - og eg må innrømme at det skal bli litt godt å komme heimatt til heimelaga mat, familie og Timmyboffen min. Men - Phu Quoc Island er ein perfekt plass å avslutte austral-asia-eventyret på, og eg skulle ønske eg kunne vere akkurat her litt lengre. Livet er fantastisk for augneblinken. <3

2 kommentarer:

Har du ei meining om dette?