torsdag 26. november 2009

Indonesiske inntrykk og delfinkampen

På Bali kan du kjøpe ein apekatt-baby for 6 kroner. Bali har mykje meir å by på enn sol, sand og innpåslitne smykkeselgarar, utan at apekjøp eigentleg er ein av dei tinga som er av interesse, då.

I løpet av dei få dagane eg har opphaldt meg på denne vakre øya, har eg fått augene meir og meir opp for den særskilde kulturen og livet folk lev her. Her er mange fantastiske folk, slik som han her. Han fann vi på eit tempel, vi spurte om vi kunne få ta bilete av han og då sa han "vent litt", og sette seg ved det xylofon-aktige instrumentet sitt og byrja å klimpre. Han tenkte vel at det var eit litt betre motiv enn at han berre sat på kanten av eit tempel og røykte ein sigarett. tok aldri ut sigaretten, då.


Folk jobbar på spreng for å selge oss alle moglege forskjellege slags heimelaga greier kor enn vi går. Uansett kvar vi befinn oss hen, så dukkar selgarane opp for å gi oss "special price, just for you, just for you". Nokre folk har som jobb å sitte i eit skur midt ut i ei rismark og riste på blikkboksar festa i tau over rismarkene for å skremme vekk ubudne kvadetnomåttevere. Denne skramlinga høyrer vi utanfor vindauget vårt kvar dag. Nokre har andre type jobbar, slik som denne karen.. Han haustar inn ris frå den digraste rismarka eg har sett - og eg har faktisk sett eit par rismarker til no.



Familier på fire susar forbi på ein og same skuter. Folk kjører også skuter med umenneskeleg stor last bakpå - og klarer det utan å velte. Det fins ikkje trafikkreglar, men eg trur dei kjører på venstresida av vegen. Stort sett gjer dei det i alle fall. Folk er generelt svært hyggelege, og ungar har svære, hjerteskjærande dådyrauge, og sjølv om alt er groteskt billig så er ingenting gratis.

Dei fleste på Bali er Hindu, og der blei eg overraska, for eg trudde dei fleste var Buddhistar. Det er utruleg mange fine bygningar og flotte utskjeringar, treskjøringar, steinskulpturar og andre estetiske ting her. Mange flinke målarar. Vi besøkte ein sølvsmed her ein dag, og eg kjøpte meg ein ring som angiveleg skal vere 92.5 % sølv. Fin var den, då. Lilla stein på. Og apane, då!




Apekattane i apeskogen er nærgåande og generelt hyggelege. Nokre kan vere hissige. Apar hører heime i apeskogen, ikkje i enden av eit band holdt av ein vill treåring - og det burde vere ULOVLEG å fange dei og selge dei. (les Yber.no).


Eg har også lært at delfinar slettes ikkje er kosebamsar. Sjølv om svømmeturen med delfinar endte opp i noko som likna litt meir på ein kamp mellom liv og død, så var det ei oppleving for livet og anbefalast - kanskje ikkje på det sterkaste - men sterkt. Sjekk ut desse bileta frå min dødskamp (det var litt kos også, da) med delfinane:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Har du ei meining om dette?