THE WHITE SHIRTS! Klesvalget var tilfeldig, altså..
Moreton Island er ei lita øy utanfor Brisbane i Queensland, Australia. Øya er ein draumestad med milevis lange strender, og er eit paradis for dei som likar å aktivisere seg under den australske sola. Her kan du snorkle, mate delfinar, surfe på sandbankane, kjøre firehjuling eller berre rett og slett ligge på stranda og bade i det krystallklare vatnet heile dagen. Vi rakk å gjere det sistnevnte i 35 minutt.

Tangalooma resort har ikkje alltid vore eit biletskjønt ferieparadis, for mellom 1952 og 1962 flaut kvalblodet på øya. Det var ein kvalfabrikk som bidrog til at kvalbestanden utanfor Australia sank dramatisk, og når kvalfangsten byrja å gå dårleg i 1962 var det nokre auge som opna seg. Kvalen var utrydningstrua, og i 1963 blei det forbode å jakte på kval i australske farvatn. Per dags dato er kvalpopulasjonen rekna ut til å vere på rundt 7500 kvalar, og vi har sett tre av dei. Usikker på kva kvalen heiter på norsk, da! Knølkval? Den heiter Humpback whale på engelsk.

På øya blir vi møtt med deklarasjonen om at vi tek del i ein viktig del av historia, nemleg endringa av grunnen til at turistar skal komme til Moreton Island. Tidlegare blei turistar inviterte hit for å sjå på at kvalar blei drept og prosessert på kvalfabrikken. I dag er Tangalooma Resort ein stad som oppfordrar turistar til å sette pris på synet av levande kvalar – utan å skade dei. Vi (turistane) representerer difor ei ny haldning mot kvalar, som har hjulpe å forandre sjølve grunnen til Tangalooma Resort sin eksistens.

Å sjå kvalar på 45 tonn hoppe opp i lufta er ei unik oppleving, og vi opplevde mykje av det på kvalsafari utanfor Moreton Island. Ei kvalmor og ein ”kvalp” (haha, såg du ordspelet?) i tillegg til ein kvalmann dansa rundt båten vår, og kameralinsene stod til alle kantar. Vi fekk høyre at kvalmora dreiv å hoppa fordi ho ville skremme vekk kvalmannen som prøvde seg på ho. Ved å hoppe opp i lufta prøvde ho å skremme han vekk, liksom hinte at ho ikkje var interessert i noko, og dersom det ikkje hjalp prøvde ho å faktisk lande på han. Litt kvaldrama i kvardagen, altså.

Må sei dokke e tøffe som tør kvalsafari! Tenk om den velta båten da...
SvarSlett