tirsdag 23. februar 2010

Det gode selskap

”Det går eit rykte på bygda som eg no skal ta tak i.”

Eg er glad i familien min. Eg tenkte eg måtte nytte denne arenaen til å få uttrykt dette slik at folk veit eg meiner alvor. Det går eit rykte på bygda som eg no skal ta tak i. Dette ryktet har eg hørt av systera mi som ofte må takke nei til vennesamankomstar grunna kolliderande samankomstar i familien. Dette er eit rykte som seier at vår familie alltid har familieselskap. ”Nei ej kan ikkje då, for de e familieselskap” er ei setning vi nyttar ofte i dene familien. Det kan eg bekrefte. Og eg er glad for det. Dette skjer fordi vi likar kvarandre, og fordi vi er mange som ofte har bursdag, rett og slett.

Eg har nettopp flytta, og i denne prosessen har eg gong på gong fått bekrefta det eg alltid har visst – at eg ikkje kunne ha bedt om ein betre familie. Takk til pappa for at du er så flink til å montere møblar, bake brød, leike taxisjåfør, bryr deg, stille opp og ordne ut. Takk til mamma for at du alltid hjelper meg med alt det måtte vere av problemstillingar og er der for meg når eg treng nokon å snakke med eller nokon som kan vaske opp for meg når eg går på krykker. Og for ein million andre ting. Fyflate kor mange grå hår eg må ha gitt dykk opp gjennom åra, de får berre trøste dykk med at det ikkje viser enda. Det blir nok berre fleire og fleire grå hår med tida, men eg skal prøve å ikkje ha så vanvittig stor medverknad til det– så godt eg kan. Dette kunne ha blitt ein sinnsjukt lang takketale, men de veit alt de har gjort for meg og det veit eg også, og det vil eg at de skal vite. Eg er stolt av systera mi og broren min, for at dei er så gode og irriterande flinke til det dei gjer. Eg er der alltid for dykk, uansett kva det måtte vere.

ARIGATO GOZAIMAZU. Og god natt.

2 kommentarer:

  1. Åååh, Takk det samme susanne mi <3
    Ej e glade i dej med, og stolt av å ha ei slik flinke og ærlig syste!

    klem

    SvarSlett

Har du ei meining om dette?